Petal as
Vik Industrier AS har fått nytt navn, og heiter no Petal AS. Nytt navn, nye nettsider, ny grafisk profil og ny revidert forretningsmodell er resultatet av ein konstruktiv og spanande prosess vi har hatt saman det siste halve året.
Vik Industrier og Gasta starta allereie i sommar arbeidet med å evaluere og utvikle forretningsmodellen. Med Yngve Dahle i Viaduct som fassilitator gjennomførte vi ei rekke arbeidsgrupper saman med styremedlemmar og leiinga i Vik Industrier. Formålet var å revidere, spisse og forbetre forretningsmodellen. Dette var svært vellukka og gav eit godt utgangspunkt for teamet som skulle jobbe med namn, identitet og grafisk profil.
Namnet og den grafiske profilen blei utarbeida av Gasta-teamet Andrea Henden, Hilde Nes og Andre Kalstad. Petal er eit ord som er henta frå latin, og tyder kronblad. Her spelar ein på analogi mellom naturen og forretningsområdet til bedrifta. Kronblada skal i første rekke verne kjernen mot vær og vind, deretter skal dei være prydande og gjere blomen attraktiv. Ikkje ulikt eigenskapane som følgjer fasadepanela som vert produsert i Vik i Sogn.
Petal AS vart vedteke som nytt namn på generalforsamlinga nyleg, og dei nye nettsidene gjekk live dagen etter. Vi er overtydd om at arkitektar og entreprenørar kjem til å ta vel imot metallfasadeleverandøren i ny drakt.
Gasta har eit sterkt fokus på sal og digital kommunikasjon, og vi arbeider nå vidare med Petal på nyheitsbrev og digital kommunikasjon.
Gasta gratulerar Petal AS med ny drakt, og ønskjer nytilsett adm. dir. Yngve Holm lukke til med drifta vidare i dette flotte selskapet.