Verdien og effekten av nettsidene dine kan aukast betrakteleg ved hjelp av skreddersydde web-program. Vi har kompetanse og idear til korleis du kan forbetre brukaropplevinga av nettsidene dine og slik få fornøgde kundar som bidreg til auka forteneste og meir effektiv drift.
I DotNetNuke-universet finst ein myriade av programvareløysingar og tilleggsmodular. Ofte dekker desse modulane behova til kunden på ein god måte, enten slik dei er eller med mindre modifikasjonar.
Viss ikkje, må vi tenke heilt nytt. Og det er vi gode på. Vi utviklar gjerne løysingar heilt frå grunnen av, slik vi har gjort med fleire energiverk vi har som kundar, som trengde ein bestillingsmodul eller Førdefestivalen som trengde ein database for artistar og konsertar.
Det er berre fantasien som set grenser for kva som kan utviklast, og eit budsjett så klart. Vil du utforske mulegheitene, ta kontakt med teknisk sjef og webutviklar Håvard Eiklid og del dine behov og tankar, så gir vi deg løysingsforslag og pris på utvikling.