Bli kjend med dei tre nye!
Denne hausten har vi tre nye ansikt i Gasta. Bli litt betre kjend med dei her:
Ragnhild Myklemyr
Innhaldsprodusent hos Gasta
1. Kva inspirerer deg?
Frisk fjelluft gir meg overskot og set kreative tankar i sving.
2. Kva googla du sist?
Gryte med rotgrønsaker og kulebane i tre!
3. Kva er ditt beste marknadsføringstips?
Prioriter godt og målretta innhald. Skap blikkfang med relevante bilete og jobb fram tekstar som treff og engasjerer - med få men riktige ord.
Ellen Emilie Stangeland
Digital marknadsførar hos Gasta
1. Kva inspirerer deg?
Å vere ute i naturen, og det å kjenne på meistring. Eg elskar å prøve nye ting og utvide komfortsona.
2. Kva googla du sist?
Kremet pasta, hehe. Eg anbefaler alle å utvide pasta-repertoaret, det finst så mange enkle og gode rettar!
3. Kva er ditt beste marknadsføringstips?
Hugs at marknadsføring er konstant. Det bør ikkje vere noko ein gjer ein gong, for så å rekne med at resultata kjem av seg sjølv. Ein må følgje med og gjere endringar etter behov. Eller ringe Gasta, så gjer vi det for deg.
Ingvild Helle Hagen
Digital marknadsførar hos Gasta
1. Kva inspirerer deg?
Nerdar! Folk som er skikkeleg gode på akkurat det dei driv med. Om det er animasjon, koding eller akvarellmaling - eg diggar at folk køyrer på med akkurat det dei brenn for.
2. Kva googla du sist?
"Magic loop" strikketeknikk. Eg lærte meg å strikke for snart eit år sidan, men må stadig ty til nettet for hjelp. Eg kan sjå på strikkevideoar og dykke ned i #knitagram fleire timar kvar dag - folk lagar så mykje fint!
3. Kva er ditt beste marknadsføringstips?
Alltid tenk på målgruppa! Det nyttar ikkje å ha mange følgjarar viss ingen av dei bryr seg om det du driv med. Tenk på kven det er du prøver å nå, og lag innhald som treffer akkurat dei.