Bruk av generativ kunstig intelligens (KI) i Gasta

Vår visjon er å skape suksesshistorier og gode kunderelasjonar. Vi ser generativ kunstig intelligens først og fremst som eit verktøy for å oppnå dette.

Vi veit at det meste kan lagast med KI i desse dagar. Ved å trykke på eit par knappar kan ein få “generert” alt frå bilde til animasjonsvideoar til PowerPoint-presentasjonar. Dei nye verktøya gir fantastiske moglegheiter, men reiser samtidig nye spørsmål om rettigheiter, personvern, plagiat og ikkje minst det å behalde den unike identiteten sin som avsendar.

Vårt utgangspunkt er at når du bestiller noko hos Gasta, skal du få det skreddarsydd. Det vi lagar er alltid tilpassa kundens identitet, tone of voice og visuelle uttrykk - og basert på kunnskap og erfaring som våre tilsette har opparbeidd seg. Det er klart at kunstig intelligens kan gjere oss både betre og meir effektive, men vi har bestemt at vi vil bruke generativ KI først og fremst for inspirasjon, idear og grunnlag - og i utgangspunktet ikkje som sluttprodukt.

Samtidig er det klart vi er nysgjerrige. Difor prioriterer vi å teste ut nye verktøy og bli kjent med dei ulike moglegheitene. Sjansene er nemlig store for at generativ KI vil kunne bidra både til å skape og ivareta konkurransefortrinn for oss og kundane våre i framtida.

For å sikre at vi er transparente og ærlege i bruken av KI, har vi utforma nokre interne retningslinjer som du kan sjå under. Desse vil vi prøve å oppdatere i tråd med utviklinga av generativ KI.

Våre retningslinjer for generativ KI

  • Vi behandlar sensitiv informasjon med varsemd. Vi oppgir ikkje sensitiv informasjon i “promts” til KI.

  • Vi ønskjer å vere transparente, og vil så langt det lar seg gjere merke innhald som er KI-generert.

  • Ved bruk av KI er det risiko for plagiat og spørsmålet om rettigheiter til det som er generert. Vi bruker KI først og fremst som inspirasjon / grunnlag og ikkje sluttprodukt - og utfører alltid interkontroll (av eit menneske).

Oppdatert 22.08.24

Vi oppdaterer retningslinjene kontinuerleg og følger med på anbefalte retningslinjene for bruk av generativ KI i offentlig sektor.