Gasta blir Squarespace Enterprise-kunde

Vi blir eitt av tre selskap i Norden som har offisielt samarbeid med Squarespace.

Allereie i 2013 starta vi å lage nettsider i Squarespace. Då var verktøyet relativt ukjend i Norge, og mykje har skjedd sidan den gang.

10 år og 600 nettsider seinare, blei vi i november kontakta av Squarespace i New York med tilbud om å bli den første Enterprise-kunden i Norge. I Skandinavia er det frå før to andre slike selskap, der ikkje ukjende Lego er det eine.

No blir vi ein del av det gode selskap, og det tykkjer vi er stas.

Kva betyr det for deg som Gasta-kunde?

Enklare administrasjon

Enklare administrasjon og betaling av tilleggskjøp i Squarespace gjer det meir effektivt for oss - og betre for deg som kunde!

Betre support

Vi har “priority support" og får tilgang til den beste kompetanse i verda - hos Squarespace i New York og Dublin.

Ekstra SEO-ressursar

Vi får tilgang til Squarespace sin beste kompetanse på søkemotor, for deg som har behov for det.

Ny testmodus

Vi kan opprette nye nettsider i "testmodus" og ha dei i testmodus utan å betale før sida faktisk blir lansert. Det gjer oppgraderingar rimelegare for både deg og oss.

Effektivitet

Med Enterprise får vi tilgang til dashboard som gjer det meir effektivt å utvikle sider i Squarespace.

Lyst å komme i gang med Squarespace? Fyll ut skjemaet og få ein pris

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Treng nettsida di eit løft?

Neste
Neste

Nylanseringar i januar