Café Rallaren - nye nettsider basert på Squarespace og bookingsystem
Nettside caferallaren.no
Café Rallaren på Myrdal tok kontakt med oss og ville ha ny nettside.
No problem, tenkte vi…Å lage seljande nettsider har vi god trening i.
Vi utvikla ei standard, enkel nettside basert på Squarespace, med eigen meny-modul som er enkel for kunden å endre.
Men så hadde dei også eit booking-system for sykkelutleige som ikkje fungerte.
Oki, tenkte vi…
Bookingsystem for sykkelutleige
Vi googla, leste oss opp, sjekka referansar og testa ulike system.
Til slutt enda vi på eit moderne nederlandsk system kalla Booqable.
Flott programmert, enkelt å komme i gang med og suveren support frå våre nye venner i Amsterdam.
Om Cafe Rallaren vart fornøgd?
Oh, yes.
80 syklar vart utleigd dei to første dagane og systemet fungerer fint.
Så har du planar om å sykle Rallarvegen - sjekk ut www.caferallaren.no