Hels på nye Gasta - ny visuell identitet og nettsider

Gasta-ny-visuell-identitet-logo-negativ.jpg

Vi har fått ny logo og visuell identitet - og nye nettsider i Squarespace, så klart.

Det var på tide med fornying, følte vi. Logo frå 2005 og ein grønfarge som vi var blitt litt lei (den er på veggene på kontoret vårt òg). Kva tidspunkt er betre for fornying, enn midt i ein ellers litt seig pandemi?

Vi ønskte oss eit løft - og det har vi fått.

Logoen har ei eige historie, den starta vi på i fjor – og har vore mange rundar med fleire designarar. Det er ikkje så lett når ein driv med sitt eige “barn”, men resultatet er vi stolt av.

Fargevalet hadde eit naturleg utgangspunkt, grøn er i vår natur, men vi trengde ein fornya fargepallett. I tillegg har vi fått på plass en spenstig gul-oransje, som fungerer fint som støttefarge.

Og nettsida då. Den har vi hatt kontinuerlege oppdateringar av dei siste åra, men denne gongen starta vi på nytt. Fokus nå er å presentere tenestene direkte og sluse besøkande inn til prosjektsidene.

KPI’en (Key Performance Indicator) er enkel: Få flest mogleg til å fylle ut skjema og be om pris.

Nå føler vi at vi har fått eit løft og er klare for alt.

Gasta nye nettsider.png
 
Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, og har lang erfaring med web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

Forrige
Forrige

Lerum Brygge - salsprospekt for Nordr-prosjekt

Neste
Neste

Lindstrøm Hotel - der ny og gamal histore møtest