Innvik med digitalt berekraftmagasin

– Det sikrar oss å bli verande ein aktuell leverandør i framtida, då dette utvilsamt er viktig for mange av våre kundar.

Det fortel Christine Lunde Hallor, leiar for økonomi og finans i Innvik. I 2021 starta tekstilprodusenten i Innvik arbeidet med å setje opp eit eige digitalt magasin om berekraft, med nettadressa www.berekraft.innvik.no, som ligg godt synleg på eigne nettsider (innvik.no).

Her presenterer dei målet sitt - å blir CO2-nøytrale - og tek ein detaljert gjennomgang av korleis dei skal nå måla. Alt frå råvare, ulike ledd i produksjonen, energikjelder, verdiar og fokus på kvalitet og varigheit, sertifiseringar og prosjekt dei deltek i.

Vi skal investere 50 millioner kroner for å bli CO2-nøytrale og dermed redusere klimagassutslipp og miljøpåvirkning. Alle våre energikilder skal over på fornybare og CO2-nøytrale alternativer. Vi vil fortsette å bruke bærekraftige råvarer og ta enda mer av produksjonen til Norge og Innvik. I tillegg lager vi produkter som varer lenge. Vi vil ta en ledende rolle og bli blant de beste på bærekraftig tekstilproduksjon!

Dette har dei gjort saman med oss i Gasta, som har utvikla og designa magasinet i Squarespace, rettleia strukturen og produsert innhaldet.

– Berekraftmagasinet har blitt veldig fint. Mange blir positivt overraska over at vi ligg så lang framme på dette området, fortel Lunde Hallor.

Ta ein titt på magasinet her.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kvifor vi elskar Squarespace

Neste
Neste

God sommar!