Korleis markedsføre seg i 2023?
Det er ikkje lett å følgje med på trendane innan markedsføring. Vi har vi samla eit knippe trendar og tips for året som kjem:
1. Direkte kommunikasjon med kundane
Fleire og fleire ser verdien av å kommunisere direkte med kundene, til dømes via e-post og SMS. Den store annonsørrapporten syner at dette er dei to mest attraktive påvirkningsflatene for norske annonsørar i 2023.
2. Meir satsing på video
Det er ingenting som tyder på at det vil bli mindre bruk av video framover, snarare tvert imot.
Heile 49% av norske annonsørar seier at dei vil auke bruken av video i 2023 (Den store annonsørrapporten).
Etter kvart som video er blitt dominerande både i sosiale medium og i digital annonsering, er det fleire som hiv seg på- Spesielt kort-form video kan gje markedsføringa ein boost.
3. Behandling av persondata påverkar omdømmet
Etter kvart som det kjem nye reglar for personvern, blir forbrukarane meir bevisste. Korleis du behandler persondata kan difor få noko å sei for omdømmet ditt.
Ifølgje Google er ei dårleg oppleving med personvern nok til at 43% av oss byttar over til ei anna merkevare. Det betyr at ein må halde seg oppdatert og tilpasse seg nye lovar og “best practices” for å halde på kundane.
Les også: No må du over på nye Google Analytics 4
4. Fleire vil prøve nye kanalar
Det dukkar stadig opp nye kanalar. Samtidig kan det vere lurt for ei merkevare å ha fleire bein å stå på. I året som kjem er det fleire som er open for å teste ut nye kanalar, og vi ser auka interesse for mellom anna TikTok og Pinterest.
5. Hardare konkurranse i søkemotor
Fleire ser verdien av å vere synleg i søkemotorar som Google. Og når fleire begynner å arbeide med dette, vil konkurransen bli hardare.
Det betyr at ein må leggje meir innsats i SEO-arbeidet og jobbe strategisk for å kome høgt opp på resultatlista.
Les også: Vår sjekkliste for SEO
6. Ærleg berekraftskommunikasjon
Å vere berekraftig gir eit konkurransefortrinn, men ikkje utan at ein fortel om det. Likevel skal ein passe seg for å grønvaske, for det blir fort gjennomskua. Strategisk arbeid med berekraftskommunikasjon vil bli viktig i året som kjem.
7. Kunstig intelligens kan bli nyttig
Den siste tida har det vore store framskritt når det kjem til kunstig intelligens (AI). Det gir nye moglegheiter for markedsføringa. Teknologien kan etter kvart nyttast til å analysere data, automatisere oppgåver, skreddersy brukaropplevinga og målrette markedsføringskampanjer slik at dei blir meir effektive. Det blir spennande å følgje med!
8. Forenkling og visualisering
Lesarane er blitt vande til å scrolle raskt, og er mindre tålmodige enn før. Å kommunisere kompliserte bodskap blir difor vanskelegare.
Forenkling og visualisering blir heilt essensielt framover. Historiefortellinga må vere mobiltilpassa og kombinere tekst, bilde og video, samtidig som ein går rett på sak og forenkler bodskapen.
Ikkje enkelt å få til, men vi har tru på at løysinger som denne forenkla berekraftsrapporten til NorTekstil vil gjere det godt i tida som kjem.