Korleis skrive nyheitsbrev som engasjerer?

Nyheitsbrev er effektivt for å nå folk rett i innboksen. Her gir vi deg 5 tips til korleis du får mest mogleg ut av nyheitsbreva dine.

Det finst mange ulike verktøy for å sende nyheitsbrev - mellom anna har Squarespace har sitt eige kalt Squarespace Email Marketing.

Her får du 5 tips for å oppnå suksess med nyheitsbrev som vil gjelde uansett kva verktøy du brukar:

1. Målsetting og tema

Tenk alltid gjennom: Kva er målet med nyheitsbrevet?

Det kan for eksempel vere å informere om ein nyheit, få påmeldingar til eit arrangement eller oppnå sal av eit produkt.

Skriv brevet med målet i bakhovudet. Kvart brev bør ha eitt hovudtema knytta til målet, og så evt. fleire undertema.

 

2. Gje verdi

Ingen ønskjer å bli solgt til. Tenk over: Kva kan du gje av verdi til mottakaren?

Kanskje du kan dele tips og triks, nyheiter, meiningar, inspirasjon eller kunnskap?

Snakk uansett om noko mottakaren er opptatt av. Det er dét som gjer at dei ønskjer å fortsette å motta breva dine.

 

3. Gjer brevet lett å forstå

Hugs at dei fleste “skanner” brevet før dei les nærmare. Sørg for at det er lett å oppfatte kva brevet gjeld med éin gong.

Få med det viktigaste lengst oppe, og gå gjerne rett på sak i overskrifta. Gjer det enkelt for mottakaren å utføre handlinga du ønskjer (som å melde seg på).

Hald tekstane så korte som mogleg, og lenk vidare til nettsida for meir info. Nytt plassen i emnefeltet for å vekke interesse slik at dei opnar brevet.

 

4. Hugs den raude tråden

Nyheitsbreva er berre ein av mange plassar du kommuniserer. Sørg for at mottakarane kjenner deg igjen.

Ver tru mot den grafiske profilen din når du vel fargar, fontar og bilder. Bevar din “tone of voice”, by på deg sjølv og prøv å gjere nyheitsbreva interessante for mottakaren.

 

5. Våg å prøve deg fram

For å finne ut kva som fungerer og ikkje, må du teste deg fram. Prøv ulike emnefelt og vinklingar, ulike dagar og tidspunkt å sende på og ulik samansetting av tekst og bilde.

Dei fleste nyheitsbrevsystem har eit innsiktsverktøy som viser statistikk frå breva dine. Bruk dei dataene du har, sjå på resultata og gjer forbetringar til neste brev. Slik blir du stadig betre!

 

Nysgjerrig på nyheitsbrev?

Vi tilbyr ein oppstartspakke for å kome i gang med nyheitsbrev i Squarespace. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, så tar vi ein uformell prat!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Gasta er blitt sertifisert Miljøfyrtårn

Neste
Neste

Tre nye nettsider for Fursetgruppen