Meir kompetanse - meir kapasitet
Gasta veks og vi er glade for at vi har fått på plass to nye digitale marknadsførarar.
Ingvild Helle Hagen og Ellen Stangeland har begge kompetanse og erfaring frå digital marknadsføring som vi trur våre kundar vil dra nytte av. I tillegg startar innhaldsutviklar og journalist Ragnhild Myklemyr den 20. august.
>> Sjå også: Nytt knallteam i Gasta
Auka fokus på personvern/GDPR og bortfall av tredjeparts cookies gjer at det blir viktigare framover å fokusere på innhaldsproduksjon, søkemotoroptimalisering og gjerne kreative digitale kampanjar. Nettsida blir i endå større grad den digitale «hub’en» der all informasjon blir samla.
Med denne ekspansjonen ønskjer Gasta i større grad å kunne tilby deg fleire og betre tenester på digital marknadsføring, som:
Marknadsstrategi:
Vi hjelper til med å utvikle strategiar, konsept og bodskap.
Innhaldsproduksjon:
Om det er tekst til nettsider, blogg, Facebook eller andre kanalar, våre innhaldsutviklarar har erfaring og kompetanse. Både nynorsk og bokmål!
Digitale kampanjar:
Annonsering i Google Ads, Facebook Ads eller nettaviser. Vi kan utvikle kommunikasjon, sette opp kampanjar og følge opp.
Søkemotoroptimalisering:
Har du søkeord som er viktige for deg og som du ikkje scorar godt nok på Google-søk? Vi tar gjerne denne type utfordringar.
Analyse, optimalisering, rapportering:
Vil du ha betre oversikt over nøkkeltal for nettsida og dine marknadstiltak? Vi har ulike analyseverktøy du kan få tilgang til.
Kom i gang
Har du utfordringar eller ønskjer du vil at vi skal sjå på i lag, ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale:
Astri Knudsen: astri@gasta.no - mob. 984 08 619
Ingvild Helle Hagen: ingvild@gasta.no - mob. 928 81 906
Ellen Stangeland: ellen@gasta.no - mob. 934 83 373