Nytt knallteam i Gasta
Vi har ikkje berre tilsett ei eller to, men TRE nye damer i Gasta. Det blir ein spennande haust.
Vi har vore på jakt etter rådgivar/innhaldsprodusent og digital marknadsfører. Vi merkar at kundane har eit auka behov for innhaldsproduksjon, søkemotoroptimalisering og digitale kampanjar, og vi ønskjer å auke kapasiteten på desse fagområda.
Då er vi glad vi snart kan tilby alle våre kundar dette knallteamet - som saman med Astri skal jobbe med gjennomtenkte nettsider med gjennomført innhald og digital markedsføring i ulike kanalar.
Og vi fekk over 40 søkjarar! Så dette er verkeleg gasta damer (dugande, grepa, framifrå, gjæv, gild).
Ingvild Helle Hagen er bergensar og bur i Kristiansand der ho jobbar som digital innholdsmarkedsfører i 07 Media Sør. Ingvild har bachelor i medievitenskap og master i samfunnskommunikasjon. Og med sambuar frå Borgund, flytter dei «heim» til sommaren.
Me gler oss til å få Ingvild til Gasta, då både personlegheit og erfaring verkar å vere «spot on».
Ragnhild Myklemyr er frå Jostedalen og busett i Sogndal. Ho blir Gasta sin nye rådgivar og innhaldsprodusent. Ragnhild kjem frå Skatteetaten, der ho i dag jobbar som kommunikasjonsrådgjevar. Ho har i tillegg erfaring som journalist i NRK og Sogn Avis. Denne erfaringa trur vi kundane våre kan nytte veldig godt av.
Myklemyr er tobarnsmamma og venter nummer tre i oktober, det er gledelig. Dermed får ho ein mjuk start hjå oss, før ho kjem sterkare tilbake i 2022. Det gler vi oss veldig til.
Då Ragnhild går ut i permisjon i haust, ønskjer vi å ha med oss Ellen Emilie Stangeland. Ho er òg frå Bergen (det blir mykje skarre-r frå oss no …) og bur i Oslo, men flytter hit med sin mann, som er frå Leikanger.
Ellen Emilie har ein bachelor i PR og kommunikasjon fra BI, er Google ads sertifisert og jobber i dag med sal og kundeoppfølging. Dette trur vi er erfaring som passar godt saman med dei andre to.
Har du behov eller spørsmål rundt innhald på nettsider eller digital markedsføring? Ikkje nøl med å ta kontakt!