På plass i nye lokale
Etter ni år “over Idrettssenteret”, har vi flytta opp i tredje etasje på Campus Sogndal, i heilt nyoppussa lokale.
Gasta har vekse, noko kontorlokala våre ikkje har … Før no! Vi har nesten dobla arealet å boltre oss på, og takka vere Hanne Nygård-Bø i Rom for Forandring har det blitt så fint og gjennomført - ja, skikkelig koselig!
For dei som ikkje er kjende på campus, sit vi no i fløya som er kopla på innovasjonsbygget. Lokala er plassert mellom Adecco og Sogn og Fjordane fotballkrets.
Vi sit her i lag med karadn i Vardahei IT og Håvard frå Enivest. Kom gjerne innom!
Slik ser det ut når du kjem inn døra. Endeleg er vi omringa av rolige, varme fargar som står i stil til profilen vår (som vi endra for eit år siden).
Møterommet er så stort at det store bordet vårt vikrer lite … Nå har vi eit stort møterom og to små - bra for alle.
Vi har fordelt oss på to “øyer” for å få litt meir arbeidsro rundt oss. Her er ein av dei, med Frode og Ellen.