Satsing på content marketing

Content marketing, eller innhaldsmarknadsføring, handlar om å produsere innhald som underheld, lærer opp eller inspirerer kundane dine - og det handlar om å utnytte eigne kanalar som nettsida, bloggen eller Facebook.

I takt med at vi alle søker meir informasjon på nettet før vi gjer kjøp, og at Google favoriserar nettsider med relevant innhald, er fokuset på dette med content marketing blitt stadig større. Vi i Gasta har difor etablert eit eige selskap som utelukkande skal satse på å finne, forme og formidle dei gode historiane. Saman med Astri Knudsen har vi starta opp selskapet Drople AS.

Hels på Astri utan d

Astri er utdanna journalist med ein master frå BI i tillegg. Ho har erfaring frå content marketing-selskapet Bonzaii i Oslo, der ho m.a. jobba med helsekostkjeda Life, Opak, Stena Line og Innovasjon Norge. Astri har også jobba med klikkoptimalisering i sol.no og har god erfaring med kva som skaper interesse og klikk på nettet. 

Den aktive bergensjenta har flytta til Sogndal, deler lokale med oss på Fosshaugane Campus - og ho har allereie sykla på fjelltoppar vi innfødde ikkje har gått til fots på!

Astri har allereie inngått faste avtalar på produksjon av innhald for m.a. Avery Dennison NTP

Interessert i ein samtale om korleis du kan lukkast med content marketing? Ring Astri på 984 08 619.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nøgne Ø med nye nettsider i rekordfart

Neste
Neste

Nye mobile apps til Squarespace