Skal du kutte marknadsbudsjettet eller peisa pao?

Sidan korona-viruset snudde opp ned på det meste av vårt private og profesjonelle liv har eg hatt mange diskusjonar med kundar om bruk av marknadsbudsjettet, og ofte spesifikt annonserings-budsjettet.

 

I starten var eg klar på at det er smart å kutte heilt ned på marknadsaktivitetar.

Det er eg ikkje så sikker på lengre. 

Vi ser no at besøket til nettsider, sosiale medium og - sjølvsagt - nettaviser har gått kraftig opp i denne perioden. Besøket til Gasta sine sider har hatt vekst på 18% siste to veker, og vi har kun jobba med søkemotoroptimalisering på sidene. Vi ser at eit næringsliv i heimekontor-modus overraskande raskt er i ferd med å finne si form.

I ei undersøking gjennomført av ANFO seier 58 % av norske bedrifter at dei no kuttar i marknadsføringsinvesteringane, medan 37% seier at dei ikkje vil gjere det.

Men kva er smart?

Det er faktisk eit enkelt svar på det. 

Marknadsføring i krisetider er blant dei temaene det har vore mest forsking på innan marknadsføring.

Mange forskingsprosjekt kjem til akkurat same konklusjonen som t.d McGraw-Hill Research kom fram til etter krisa på starten av 1980-talet. Dei studerte 600 bedrifter og konkluderte med at dei bedriftene som greidde å oppretthalde, eller hadde mindre reduksjon i annonsebudsjettet enn konkurrentane, opplevde størst vekst når dei gode tidene kom tilbake.

Dei som makta å halde trykket opp kunne vise til ein vekst på 275% dei neste fem åra, medan dei som kutta opplevde ein vekst på 12% i same periode.

Det er nok difor marknadsføringsguruen Jay Lipe har “Thou shalt not cut marketing spending during slow times” som ein av sine “10 Commandments of Marketing”!

Dei bedriftene som greidde å oppretthalde, eller hadde mindre reduksjon i annonsebudsjettet enn konkurrentane, opplevde størst vekst når dei gode tidene kom tilbake.

Kva bør du gjere?

Situasjonen vi befinner oss i for tida er heilt unik, difor er nok dette ei tid der ein skal ta seg litt lengre tid før ein gjer tiltak. Stuntbasert reklame, gjerne med bruk av humor, blir lett oppfatta som usolidarisk i ei vanskeleg tid for svært mange.

For dei bedriftene som har stengt heilt ned er likevel svaret gitt; avvent satsing, reduser marknadsbudsjettet.

Men vi veit også at mange sit på heimekontor, folk er permitterte, og har tid og ønskje om å lese seg opp fagleg. Så det er tid for å lage gode artiklar på nettsida. Kanskje er det også smart å gjennomgå gamle artiklar du har skrive, justere og publisere på nytt.

Vi i Gasta har valt å køyre same budsjettet på våre Google Ads-kampanjar, og vi vurderer også fleire tiltak for å sikre oss konkurransekraft.

Alle typar marknadsaktivitetar der ein viser at selskapet tek samsfunnsansvar er også positivt. Eit godt eksempel her er VisitNorway sin siste film, som du ser under.

Om eg får lyst til å reise på ferie i vårt fantastiske land? Oh yes!

Om eg gler meg til alt dette er over? You bet!

 

Ha ei fin påske og nyt filmen:

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, og har lang erfaring med web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

Forrige
Forrige

Nye nettsider til Norges Vel

Neste
Neste

12 nyttige søkemotoroptimaliserings (SEO)-tips