Bli betre på sosiale medium
Gasta tilbyr eit grunnleggjande kurs i sosiale medium, for å gjere deg og bedrifta di meir trygg på digital marknadsføring i ulike kanalar.
Kven er SoMe-kurset for?
Deg som ønskjer å bli meir trygg på sosiale medium, i hovudsak Facebook, Instagram og Linkedin. Bedrifta di er gjerne til stades i ulike kanalar, men treng hjelp til å posisjonere seg og utnytte potensialet betre.
Kva kan du forvente?
2,5 timar med føredrag og open diskusjon. Vi ønskjer å hjelpe deg på best mogleg måte, så ta gjerne med spørsmål til kurset, så ser vi på det i fellesskap.
Kva kjem du til å lære?
Vi tar eit overodna blikk og spør kva poenget med sosiale medium er, før me går meir i dypden og definerer målegrupper og ulike kanalar. Du vil og få ein økt med mange gode tips og eksemplar.
Kva er poenget med sosiale medium for bedrifter?
Kva kanaler er aktuelle og kor finn du dine målgrupper?
Korleis nyttar du sosiale medium på ein smartare måte?
Korleis kommuniserer du betre? Litt om innhald og historieforteljing
Korleis skapa engasjement og bygge relasjonar?
Litt om annonsering og analyse
Praktiske tips
Etter kurset vil alle få tilgang til presentasjonen, som også innheld enkle tips og råd, med nyttige lenker. Desse kan du ha med deg neste gang du skal publisere eit innlegg.
Vel møtt - vi gler oss!
Kven held kurset?
Ingvild Helle Hagen
Ingvild er digital marknadsførar med master i samfunnskommunikasjon. Ho har jobba mykje med å marknadsføre både store og små bedrifter og omtaler seg sjølv som ein kommunikasjonsnerd som alltid passar på at man har fokus på målgruppa.
Astri Knudsen
Astri er digital rådgivar, utdanna journalist. Ho brenn for målretta innhald, og jobbar mykje med å finne dei rette formuleringane og å spisse bodskapen. I den digitale verden må ein tenkje smart for å vekke merksemd, dette kan ho mykje om.