Merkevareplattform
Å byggje merkevare er eit langsiktig prosjekt, men du er garantert å få resultat! Det dreiar seg om å starte riktig - og skape den gode historia.
Innhald i merkevareplattform
Ein merkevareprosess må vere eigd av leiinga i selskapet og inneheld:
visjon - det vi skal strekke oss etter
misjon - kvifor eksisterar vi? kva verdi tilfører vi?
verdiar - kva emosjonelle og funksjonelle verdiar skal merkevara byggje på?
merkeløfte - kort setning, løfte du gir i kommunikasjonen
posisjonering - vår posisjon i forhold til konkurrentar
Gasta har erfaring med at The Golden Circle kan vere ei god øving og utgangspunkt for utviklinga av merkevareplattform eller vi kan ta utgangspunkt i Mars sin styringspyramide.
Merkevarehistorie/strategisk manus
Historieforteljing i næringslivet er effektivt! Du kjenner sikkert på at du lettare hugsar informasjon når den vert presentert i eit historieformat i staden for tørre data eller statistikk.
Når Lerum fortel historia “Ein augustdag i 1907 stod det att to stampar med bær på kaien etter at båten var reist til Bergen...” fortel dei ei historie om ei bedrift med eit klart oppdrag, og ein familie med lidenskap til foredling av ekte frukt og bær gjennom fire generasjonar. Dette har gitt dei vekst og marknadsleiarposisjon på saft og syltetøy.
Når Sogndal fotball har vore bygdelaget med små ressursar som skal ut og kjempe mot storbylaga, har det fungert godt sidan 1976.
Eller når Brødrene Aa gjekk over til å kommunisere “Energy efficient ferries in carbon fibre”, og med ny innovasjon i karbonfiber tar kunden inn i den grøne framtida.
Dette er eksempel på ei grunnhistorie desse selskapa har, som blir fortald på litt ulike måtar og på ulike flater.
Merkevarehistoria, eller brand story på engelsk, skal reflektere visjon og posisjon, men seie meir - og trigge interesse hos kunden. Å inkorporere historieforteljing i merkevareplattforma er ein fantastisk måte å byggje tillit og lojalitet.
I ein marknad full av støy og AI-generert innhald, har du ikkje lang tid til å fange interessa og skape tillit. Her krevst godt arbeid med ord og formuleringar, noko vi gjerne hjelper deg med.
Ønskjer du ein prat om merkevarebygging? Ta kontakt med Astri Knudsen eller Vidar Bondevik.