Nyheitsbrev rett frå nettsida di

Med Squarespace nyheitsbrev skriv du ein artikkel på nettsida, hentar han inn i e-posten og sender til kundane dine. E-posten får same design som nettsida, og du slepp eit eige verktøy. Vi i Gasta set alt opp for deg.

Startpakken frå Gasta

Vi set opp nyheitsbrevet for deg. Pris: kr 7 500 + mva.

Med startpakken er du klar til å sende første nyheitsbrev:

  • E-postmal i same design som nettsida

  • Domeneverifisering, så e-posten ikkje hamnar i søppelpost hos Gmail, Outlook og andre

  • Import av adresselister. Brukar du Mailchimp eller liknande i dag, flyttar vi lista over

  • Påmeldingsskjema på nettsida

  • Oppdatert personvernerklæring, så du følgjer reglane for nyheitsbrev

  • Opplæring i å lage og sende nyheitsbrev

  • Tips til gode nyheitsbrev

Bestill startpakke

Fordelar med nyheitsbrev i Squarespace

1. Likt design som nettsida

Fargar og skrifttypar frå nettsida blir med i e-posten, så nyheitsbrevet ser ut som deg.

2. Enkel i bruk

Skriv, test, send med ein gong eller planlegg utsendinga. Malane tilpassar seg mobil og nettbrett.

3. Sjå kva som funkar

Du ser kor mange som mottok, opna og klikka, og kven som er mest aktive.

4. Ingen grense på tal mottakarar

Du betaler for kor mange e-postar du sender, ikkje kor mange som står på lista. Du kan byte plan når du vil.

Kva kostar Squarespace nyheitsbrev?

I tillegg til startpakken kjem eit månadleg abonnement hos Squarespace. Prisen kjem an på kor mange e-postar du sender i månaden, ikkje kor mange mottakarar du har.‍ ‍Døme: Har du 300 mottakarar og sender to nyheitsbrev i månaden, blir det 600 e-postar. Då treng du Core.

Starter
Kr. 90/mnd*

E-postar per månad: 500
Passer for: Små lister, sjeldne utsendingar

Core
Kr. 160/mnd*

E-postar per månad: 5 000
Passer for: Dei fleste små verksemder

Pro
Kr. 370/mnd*

E-postar per månad: 50 000
Passer for: Store lister/mange utsendingar

Max
Kr. 740/mnd*

E-postar per månad: 250 000
Passer for: Svært store lister

*Prisar per november2026. Vil variere etter valutakurs på dollar.

Klar for første nyheitsbrev?

Bestill startpakke med kontaktskjema under, eller kontakt oss for spørsmål på post@gasta.no eller 57 62 77 70.

Spørsmål og svar