Tilgjengelighetserklæring

Innan 1. februar 2023 pliktar alle offentlege verksemder å ha ei tilgjengelegheitserklæring på plass på sine nettsider.

Tilgjengeligheterklæring på laptop

Du finn meir info inne på uutilsynet.no.

I oktober 2022 lanserte Digdir ei løysing for tilgjengelighetserklæring, som alle verksemder i offentleg sektor pliktar å ha på plass på sine nettsider innan 1. februar 2023.

Her kan du lese meir om tilgjengeligheitserklæring på uutilsynet sine nettsider.

Kva er det?

Ein tilgjengelegheitserklæring skal beskrive korleis og i kva grad nettsider og mobilapplikasjonar oppfyller krava for universell utforming. Det betyr at alle i offentleg sektor må kartlegge status for universell utforming på nettsida si. Resultata av kartlegginga skal leggjast fram i ei tilgjengelegheitserklæring som er open for alle og ligg tilgjengelig på nettsida.

Her kan du sjå eit eksempel på ei slik tilgjengeligheitserklæring.

Gjeld det meg?

Kravet gjeld for verksemder i offentleg sektor og andre verksemder som utfører oppgåver på vegne av det offentlege, og som er heilt eller delvis finansiert av det offentlege. I tillegg omfattar kravet private verksemder som treff vedtak etter forvaltingslova og private verksemder etter avtale med, og på vegner av, det offentlege.

Det er verksemdene sjølv som pliktar å gjere denne vurderinga. Les meir på uutilsynet.no

Kva kan eg gjere?

Digitaliseringsdirektoratet har utvikla ei felles løysing for tilgjengelegheitserklæring. Du får tilsendt ein PIN-kode som du saman med organisasjonsnummer loggar deg på og fyller inn.

Her kan du sjå testprosedyrane for nettsider.

For å fylle inn skjema, krevst det ein del kunnskap om koding. Difor kan det vere enklare å kople oss i Gasta på, om vi har utvikla nettsida di. Vi har verktøy for å analysere nettsida og kan mykje om universell utforming. Avvika som kjem opp veit vi stort sett korleis vi kan løyse, ofte ved hjelp av koding.

Framgangsmåten vår

  1. Vi tar ein test på nettsida di og rettar opp manglar og feil. Ved større feil kontaktar vi deg og blir einige om kor mykje tid som trengs for å komme i mål.

  2. Når desse feila er retta, fyller vi ut tilgjengelegheitserklæringa frå Digdir. Dette er eit standard skjema. Vi treng tilgang til PIN-koda du har fått tilsendt frå Digdir, for å logge på saman med organisasjonsnummer.

  3. Når erklæringa er fylt inn, og kontaktskjema er oppretta, legg vi ut ei lenke på nettsida. Ofte i footeren, ved sidan av personvernerklæringa.

  4. Deretter gir vi deg ei innføring. Nokre ting er lurt å vite om når du jobbar med innhald på nettsida. I tillegg skal erklæringa oppdaterast ein gong i året, eller ved større endringar. Er ein flink til å jobbe med det undervegs, vil den årlege oppdateringa bli mindre arbeid.

Dette tek ein til to dagars arbeid for oss, om ikkje det er noko spesielt med nettsida.

Vite meir?

Kontakt Astri Knudsen: astri@gasta.no - 984 08 619

Generelt om Squarespace og universell utforming

Alle eksisterande nettsider skal vere universelt utforma innan 1. januar 2021. Det er eigaren av nettsida som er ansvarleg. Eigaren kan kreve at nettsidene vert universelt utforma av leverandøren gjennom anbud og kontrakt, men eigar står til sjuande og sist ansvarleg. Nettsider må oppfylle 35 av 61 suksesskriteriene i standarden Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.

Dersom ein tek i bruk Squarespace og nyttar standard malar, vil ein ikkje kunne tilfredstille krav til universell utforming, men vi i Gasta har HTML-bibliotek som vi legg inn på nettsider for at dei skal tilfredstille krav.

Her finn du minimumskrava til universell utforming med våre kommentarar.