7 grunnar til at du bør investere i ny nettside
Nettsida er i mange tilfelle det første møtet med bedrifta. Om du føler nokre av desse grunnane treff deg, er det mest sannsynleg på tide med ei ny nettside:
1. Nettsida har gått ut på dato
I dag endrar teknologien seg raskt og det same gjeld forventningane til kunden. Vi ser at det framleis er mange nettsider som ikkje er gode på mobil eller nettbrett. Allereie i 2015 gjekk mobil forbi desktop som største plattform for søk i Google. Dette har gjort at Google ser på mobilvennlegheit som viktig for rangeringa di på Google. Det er i dag heilt avgjerande at nettsidene er responsive, dvs. tilpassar seg mobil og nettbrett.
Andre sentrale element for Google, er at nettsidene er raske å laste. Google er glad i raske nettsider. Heldigvis, med eit publiseringsverktøy som Squarespace treng ein sjeldan tenke på farten på nettsida.
Squarespace jobbar konstant med å sikre at modular og prosessar går raskt, slik at du rangerer høgt i søkemotorar utan å måtte ofre det mange tankar. Men obs! det er ditt ansvar å sørge for at foto du legg inn på nettsida ikkje er for tunge!
Likevel er det kundeopplevinga som er det viktigaste om ein vil konvertere besøkande til «leads». Om sida di ikkje er brukarvennleg på mobil, ekskluderer ein gjerne 50-60 prosent av dei som gjer søk.
2. Usikre nettsider
I dag er sikkerheit på nettsider blitt viktigare enn nokon gong, og så langt i 2020 har antal «data breaches» auka med over 50 prosent. Dette viser kor viktig det er å ta sikkerheit til nettsida på alvor. For dei aller fleste bedrifter er dette arbeid dei «outsourcar» til andre aktørar, eller set på svært avrensa ressursar sjølv. Ofte er dette noko ein ikkje bryr seg om før uhellet er ute.
Då er det viktig å ha ei oppdatert nettside på trygge serverar som har ressursar og evne til å hindre sikkerheitstruslar. Medan mange har nettsidene lagra på eigne serverar valde vi i Gasta å overlate dette til Squarespace.
Squarespace driftar eit webhotell med fleire millionar nettsider (vi veit ikkje nøyaktig talet!), og jobbar dedikert og målretta for å sikre tryggleiken til nettsidene og innhaldet som er der. Kompetansen og ressursane Squarespace har på online sikkerheit gjer at vi trygt kan overlate webhotellet til dei som er ekspertar på dette. Det gjer det mykje tryggare for deg som kunde, og vi kan jobbe med det vi verkeleg kan - nettsider!
I motsetning til andre publiseringsverktøy som WordPress, er ikkje Squarespace bygd opp med plugins.Det gjer at verkøyet er lettare å drifte og ein er ikkje avhengig av at leverandørar av plugins har oppgradert programvare.
3. Nettsida gir dårleg førsteinntrykk
Om ein ikkje oppdaterer nettsida med jevne mellomrom risikerer ein ofte at nettsida er utdatert i forhold til dagens designtrendar. Det er for mange lett å sjå forskjell på nettsider laga i 2016 og dei som er designa i 2020.
Nettsida kan du sjå på som framsida av eit hus. Det er ofte det som skapar førsteinntrykket til bedrifta. Om framsida av huset har dårleg måling, uklypt plen og masse ugras skaper det eit svært negativt førsteinntrykk, og mest sannsynleg er viljen til å kjøpe noko i huset kraftig redusert.
Det tilsette i Gasta jobbar kontinuerleg med å oppdatere seg på kva som er «best practice» for brukaroppleving, og kombinerar det med visuelt pene nettsider basert på dei nyaste trendane. Vi er opptekne av at lønnsemd er førsteprioritet når vi lagar nettsider. Vi skal lage nettsider som er visuelt attraktive, og som oppnår målsettingane du har med nettsida.
4. Du endrar målgruppe
For mange bedrifter kjem ein til eit tidspunkt der ein innser ein må endre målgruppe. Anten det gjeld å gjere den meir spesifikk, breiare eller endre heile demografien, er det viktig å tilpasse nettsida deretter. Ein må alltid vere sikker på at ein tilpassar nettsida til den målgruppa ein prøver å nå, og skape samanheng mellom målgruppa og produktet ein tilbyr. Ulike aldersgrupper, geografi og kulturar har ulike preferansar når det kjem til det visuelle, tekst, bilete, interaksjon, søkeord osv.
Gasta har laga over 500 Squarespace-nettsider sidan 2014, og har god erfaring med å tilpasse nettsidene til ulike målgrupper, anten det er geografisk, demografisk eller kulturelt.
5. Du gjer endring i merkevara
Nokre gonger endrar marknaden seg, og du har behov for å gjere endringar i merkevara di. Då kan det vere ei løysing å omprofilere seg for å få ein ny start og endre intrykket av bedrifta. Kanskje handlar det om verdiane i bedrifta, merkevareplattforma og den visuelle identiteten. Dette gjer at nettsida må endre seg og kommunisere den nye merkevara.
6. Nettsida når ikkje forretningsmål
Kanskje har bedrifta ei nettside som har fungert, men som har endra seg den siste tida og konverteringsraten går i feil retning. Det er ikkje uvanleg at nettsider ‘sluttar’ å fungere effektivt. Over er fleire av grunnane nemnt, men det handlar også om at ting forandrar seg med tida.
Låg konverteringsrate og problem med å nå KPI’ar som ein oppnådde før, er blant dei tydelegaste teikna på at ein treng ny nettside eller ei renovering.
7. Det er for tidkrevjande å vedlikehalde nettsida
For mange bedrifter er det tidkrevjande å halde nettsida oppdatert. Det kan vere at publiseringsverktøyet er for tungvint eller at opplæringa ikkje har vore tilstrekkeleg.
Gasta er lidenskapleg opptekne av å jobbe med enkle verktøy. Squarespace er rekna for å vere det enklaste publiseringsverktøyet å ta i bruk, og vi trur sterkt på at eit enkelt og rasjonelt publiseringsverktøy er nøkkelen til suksess med nettsider.