Bruke emojis i markedsføringa?

unsplash-image-Cs3y8Mn6-Gk.jpg

Eit hjarte ❤️ for å sei at du er glad i nokon, og ein burgar 🍔 når sambuaren spør kva du har lyst på til middag. Emojis har endra måten vi kommuniserer på, men bør du bruke dei små symbola i markedsføringa di?

Emojiane kom som eit friskt pust rundt 2010, og har sidan den gong blitt fleire og fleire. For dei fleste av oss er emojiane blitt ein naturleg del av den daglege kommunikasjonen, men mange bedrifter og verksemder er framleis usikre på om dei skal nytte desse små symbola i markedsføringa.

Meir personleg i sosiale medium

I sosiale medium har ein stort sett ein meir uformell tone enn i dei tradisjonelle markedsføringskanalane. På til dømes Facebook, Instagram og Twitter kan mange verksemder tillate seg å vere meir personlege og muntlege i måten dei kommuniserer på.

Sjå berre på aktørane innan bank, finans og forsikring. Dette er bransjar vi kjenner som formelle og “strigla”, men no nytter til og med dei emojiar. Med bruk av eit par emojiar blir plutseleg den kompliserte eller formelle bodskapen litt meir folkeleg.

Kan auke engasjementet

Ifølge ei undersøking av WordStream, kan bruk av ein emoji i ein tweet auke engasjementet med 25 % samanlikna med tweets utan emojis. Andre indikerer at bruk av ein emoji i ein Facebook-post kan auke delingar med 33 % og reaksjonar med 57 %.

Desse tala vil nok variere frå bransje til bransje og frå post til post. Om du er usikker, kva med å køyre ein test? Prøv nokre postar med emojis og nokre utan, og sjekk korleis målgruppa di responderer. Det kan gje deg ein god peikepinn på om emojis er noko for deg eller ikkje.

Emojis som del av ein kampanje

Fleire av dei store merkevarene har skjønt at emojis er komen for å bli, og det finst mange døme på at emojis er nytta som grunnlag for heile kampanjar.

Kanskje noko til inspirasjon?

Nokon tommelfingerregler

Viss du har bestemt deg for, eller vurderer, å bruke emojis i markedsføringa, kan det vere lurt å vere klar over eit par ting.

1. Alt med måte, ikkje overdriv

Hugs at ein ikkje heilt ukritisk kan pøse på med ubegrensa antal emojiar. Då blir ein fort oppfatta som masete eller uprofesjonell, og kan i verste fall forvirre mottakaren slik at bodskapen din ikkje kjem fram i det heile.

Det er nok med ein emoji her og der, og det er betre å bruke “less is more”-tankegang enn å risikere å overdrive.

2. Velg relevante emojis

Tenk alltid på kva det er du ønsker å sei, og kven det er du skal sei det til. Målgruppa og bodskapen bør styre kommunikasjonen, óg når det gjeld emojis. Ikkje strø på med ballongar, unicorns og pizzastykker berre fordi du er vant til å bruke dei sjølv. Tenk over korleis emoji som vil passa til bodskapen din og den kjensla du prøver å vekke hos mottakeren.

3. Unngå emojis du er usikker på kva betyr

Ikkje heilt sikker på om det lille ansiktet eigentleg gret av glede eller sorg? Kva med apen med fingrane foran ansiktet, kva betyr eigentleg den? Er du i tvil, er det alltid eit godt råd å heller velje ein annan emoji. Og ikkje minst: Hugs at folk kan tolke emojis på forskjellige måtar. Gå heller for det trygge valet!

Det kan til dømes fort bli pinleg om du velgjer 🍑 og 🍆 uten å vite kva dei ofte oppfattast som!

 
Skjermbilde frå emojipedia.org

Skjermbilde frå emojipedia.org

 

4. Sjekk emojipedia.org

Eit godt tips er å søke opp emojien på emojipedia.org. Dette er ein oppslagsteneste kor du finn alle dei ulike emojiane og kan sjå kva dei betyr, kopiere dei til teksten din og sjekke korleis dei ser ut på ulike operativsystem som Apple, Android og Windows. Kjempenyttig!

Eit tips til slutt: Visste du at på Mac kan du trykke control + command + mellomrom samtidig for å få opp tastatur med emojis? Genialt!

Nysgjerrig på fleire tips til marknadsføring i sosiale medium? Gi oss gjerne ein lyd!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kva er ein visuell identitet?

Neste
Neste

Squarespace lanserer ny video-app