Kva er ein visuell identitet?

Den visuelle identiteten skapar ein raud (eller grøn!) tråd på tvers av flater.

Den visuelle identiteten skapar ein raud (eller grøn!) tråd på tvers av flater.

Det er i grunn litt rart korleis ein forbind visse fargar og symbol med ei merkevare. Men det er nettopp det som er magien med ein visuell identitet.

Ein gul M, ein raud boks med brus eller eit eple. Kva har dei til felles? Dei er alle kjenneteikn på ei merkevare. 

Visuell identitet handlar om kven og kva

Kort fortalt heng visuell identitet saman med kva ei bedrift eller verksemd står for. Det handlar om kven dei er, kva dei driv med, kva som er viktig for dei og kva dei ønskjer å formidle.

Ein kan på mange måtar sei at den visuelle identiteten er designbiten av merkevarebygginga. Skal ein bygge merkevare, må ein ha ein visuell identitet som forsterkar bodskapen

Skape ein raud tråd

Eit viktig poeng med den visuelle identiteten er å skape ein raud tråd i kommunikasjonen. Det må vere ein samanheng mellom det visuelle uttrykket, bodskapen ein formidlar og orda ein bruker.

Den visuelle identiteten handlar derfor ikkje berre om eit førsteinntrykk, men om å skape noko som er enkelt å kjenne igjen. Det gjeld å skape eit heilskapleg inntrykk.

Handlar om å bli hugsa

Hjernen oppfattar og sorterer alle inntrykk - slik at ein hugsar det som er viktig, og gløymer det som er mindre viktig. Når hjernen vår blir eksponert for noko mange gonger, har vi derfor lettare for å hugse det.

Om ein klarar å skape fargar, element, ord eller symbol som går igjen på tvers av flater, vil ein gjere det lettare for folk å hugse deg.

Difor er ein visuell identitet heilt avgjerande for merkevarebygginga.

Kva består ein visuell identitet av?

Ein visuell identitet består av alle dei ulike visuelle elementa som ei verksemd nyttar. Dette kan vere mellom anna:

  • Logo

  • Fargar

  • Fontar

  • Symbol

  • Bildestil

  • Ordlyd

Ulike fontar kan vere ein viktig del av den visuelle profilen.

Ulike fontar kan vere ein viktig del av den visuelle profilen.

Ein visuell verktøykasse

Den visuelle identiteten vil ofte fungere som ein rettesnor for all kommunikasjonen. Det er viktig at alt frå ein flyer til nettsida er enkel å kjenne igjen.

Derfor kan ein óg sjå på den visuelle identiteten som ein visuell verktøykasse. I kassen ligg ulike verktøy i form av visuelle element, som ein kan finne fram og nytte når ein skal kommunisere ut til målgruppa.

Treng du hjelp til å lage visuell identitet? 

Vi i Gasta tilbyr komplette tenester innen visuell identitet og merkevare. Vi gjer alt frå enkle logoprosjekt til meir omfattande profilprosjekt.

Vi har mellom anna laga visuell identitet for Fana folkehøgskule, Lindstrøm Hotel, Visit Årdal, evoSpor, Brødrene Aa, ViteMeir og Gravdal-gruppa.

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Desse tala bør du sjå på i Squarespace Analytics

Neste
Neste

Bruke emojis i markedsføringa?