Content marketing: er du i gang?
I følge ei undersøking gjort av Adobe blant europeiske marknadsførarar føler 68% av dei at det har vore større endringar innafor fagområdet marknadsføring dei to siste åra enn det har vore på dei 50 føregåande åra.
Vi skal vere enige i at endringane har vore store. Og så blir det ikkje enklare av at vi i bransjen heile tida kjem opp med nye "buzzwords" som er meir eigna til å forvirra enn oppklara.
Eit slikt ord er "content marketing".
På byrjinga av 1900-talet etablerte dekkleverandøren Michelin ein guide for at bileigarar skulle finne hotell og spisestader langs vegen. Målsettinga med guiden var sjølvsagt å selje meir dekk. Vi kjenner alle kva denne guiden er i dag.
Så content marketing har marknadsførarar jobba med lenge. Det nye er at vi dei siste åra ser ein sterk trend i at marknadsbudsjettet vert flytta frå annonsering i tradisjonelle medier til produksjon av innhald i eigne medier.
Kvifor content marketing?
Vi opplever alle at tilliten til mediene blir reduserte og at bruk av tradisjonelle salskanalar stuper. Vi veit også at 90% av kjøpsprosessane byrjar på web (Fleishman-Hillard). Dette gjer det meir interessant å jobbe med kommunikasjon i eigne kanalar. Nyttig og relevant informasjon, gjerne som godt fortalde historiar er ganske sikkert også di målgruppe interessert i. Vinnarane er dei som kan levere god opplevd verdi til målgruppa!
Kva bør di bedrift gjere?
Marknadsførarar anno 2014 bør ha fokus på innhald, men innhaldet må sjølvsagt nå fram til og engasjere målgruppa di.
For å sikre suksess med content markering må du starte med strategien bak:
Ein tydeleg visjon for kva du ønskjer å oppnå, og din posisjon i marknaden
God forståing for kven målgruppa di er
Nyttig og relevant innhald i kampanjen
Fornuftige kanalval (web, sosiale medier, epost, blogg, video..)
Den største utfordringa knytt til content marketing er manglande tid til å skape verdiaukande innhald. Der kan vi hjelpe til.
Vil du ha hjelp til å komme i gang i 2014? Ta kontakt med Vidar.