Brødrene AA brosjyre

Merkevare og visuell identitet

Kjenner du at konkurrentane tek over marknaden?

At du ikkje når budsjetta dine?

Har du gjennomført oppkjøp eller gjort strategiske endringar?

Kanskje på tide å tenke på å fornye merkevara, den strategiske kommunikasjonen eller den visuelle identiteten?

Merkevarebygging i tre steg

Prosessen kan lett virke omfattande, men vi har lang erfaring med å gjere det enkelt. Vi legg vekt på effektive prosessar, skreddarsydde for små og mellomstore bedrifter og organisasjonar. Dette gjer vi i tre steg:

1. Merkevare - posisjonering og identitet

I denne delen har vi god erfaring med at «Why, How, What»-modellen, kjent fra Simon Sineks «Golden Circle», er eit enkelt og effektivt verktøy for å finne identiteten. Vi startar med analysar, utnyttar AI-verktøy, gjer intervju og samlar inn eksisteranda data som er relevante.

Så gjennomfører vi ein workshop med leiinga i bedrifta dei vi fokuserer på:

  • Why er starten og her skal vi definere kvifor merkevara eksisterar. Kva er drivkrafta? Og kva menneskelege behov eller verdiar skal merkevara appellere til? Her opplevere vi bedriftene ofte har gjort eit godt arbeid, og det tek vi med oss i prosessen.

  • How handlar om korleis merkevara leverar på sitt føremål. Kva gjer oss “unike” i vår måte å jobbe på?

  • What er det merkevara faktisk tilbyr: produkter, tenester, løysingar. Her er vi opptekne av kategorien merkevara skal konkurrere i. Kva rolle den skal ha, og ikkje minst kva er differensierande og kva er unikt med produktene eller tenestene?

Når dette første steget er gjennomført, er vi klare til å gå til steg 2, historieforteljinga.

  • Å bruke Golden Circle som verktøy når vi jobber med merkevare fungerer godt for oss i Gasta. Vi har enkel og effektiv som verdiar - og fokus på Why, How, What gjer prosessen med å finne din merkevareidentitet enklare.
    Les meir om The Golden Circle

  • Merkevareidentiteten definerer kven merkevara er, og korleis den ønskjer å bli oppfatta. Vi set saman ein merkevareguide, som er eit enkelt dokument meint til internt bruk for å selje inn merkevara, verdiar, visjon etc. til dei tilsette. Når steg 2 er gjennomført, vil den strategiske kommunikasjonen og historieforteljinga - vere ein del av merkevareguiden.

2. Strategisk kommunikasjon

Når vi snakkar om strategisk kommunikasjon, handlar det om å formidle eit merkeløfte (slagord) og gjerne også eit strategisk manus. Dette manuset er den overordna forteljinga merkevara di deler om seg sjølv. Her handlar det gjerne om kvifor de eksisterer, kva verdiar de står for, og kva slags påverknad de ønskjer å ha i verda.

Eit strategisk manus fungerer som eit felles referansepunkt for heile organisasjonen. Det gir ei tydeleg og samlande historie som bør gjennomsyre alt frå marknadsføring og rekruttering til kundeservice og produktutvikling.

Merkeløftet og det strategiske manuset, finn du ofte på toppen på nettsida. Dei er ikkje berre introduksjonar, men kjerna i merkevareplattforma – og skal vere tydelege uttrykk for kva merkevara står for.

  • Folk kjøper ikkje berre produkt – dei kjøper historiar, verdiar og identitet.Historiefortelling gjer merkevara levande, og det er nettopp det som får folk til å hugse deg og bry seg. Vi hugsar historiar betre enn påstandar og fakta. Når merkevara vert fortalt gjennom ei historie blir det lettare å hugse og vidarefortelje.

  • Vi må skape det saman. Etter å ha jobba med merkevare, posisjonering og identitet, har vi eit godt utgangspunkt for å jobbe fram vi fram eit strategisk manus de er stolt av. Meir om korleis vi jobbar med strategisk manus.

3. Visuell identitet - logo, fargar og grafiske element

Når merkevareplattform og strategisk manus er på plass, må dette gjerast visuelt. Vi utviklar logo, fargar og grafiske element som sikrar at merkevara di blir kommunisert godt, både internt og eksternt.

Treng du også salsmateriell som du kan vidareutvikle i Canva? Eller ein presentasjon som fortel den unike historia di? Vi gir form og farge til merkevara du fortener.

Sjå meir om Visuell identitet

  • Kanskje du allereie har ein visuell identitet - eller kanskje du startar med blanke ark. Uansett køyrer vi ein prosess der vi mellom anna snakkar om assosiasjonar og kombinerer dette med verdiar og strategisk manus - som vi allereie har vore gjennom.

    Vi utviklar forslag på logo, fargar og fontar - og etter korrekturrundar, landar vi og set opp ei digital profilhandbok. Les meir om visuell identitet.

  • Om ikkje du treng ei omfattande profilhandbok, likar vi å presentere profilen din på ein underside på nettsida di (www.xxx.no/profil). Slik har du alltid med deg logo og fargekodar, og kan sende link til samarbeidspartnarar som treng elementa. Vi kan legge inn instrukser og føringar her etter behov.

Prosjekt

HKS Oslo - Helsestasjon for Kjønn og Seksualitet i Oslo kommune

Rebrandingsprosess frå underkommunisert chatteløysing til ein tydeleg og stolt kunnskapsportal med ny identitet.

Les meir om HKS Oslo - prosjektet

Sogn Varme & Piperehabilitering

Rebranding, ny visuell identitet og nye nettsider har bidrege til omsetningsvekst og 100% vekst i driftsresultat.

Les meir om prosjektet

Har du eit prosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Vidar Bondevik, rådgivar
vidar@gasta.no
482 36 323

Ingvil Helle Hagen, digital marknadsførar
ingvild@gasta.no
928 81 906