Effektive AI-verktøy i Squarespace

Squarespace har den siste tida introdusert fleire AI-verktøy for å gjere det enda meir effektivt å optimalisere nettsida. Her har vi summert dei for deg!

Metatekstar og alt.-tekst på bilde

  • Gode metatekstar er viktig for å synleggjere nettsida di i søkemotorer. Ein metatekst fortel kva nettsida di handlar om i trefflista som kjem opp i ein søkemotor. Altså er det her lesaren avgjer om ho vil klikke inn på sida di eller ikkje. Og det gjeld ikkje berre hovudsida di, det gjeld alle undersider du ønskjer folk skal klikke seg inn på.

  • Alt.-tekstar på bilde fortel kva som visast på bilde. Dette er eit krav for universell utforming, då denne teksten vert lest opp for dei som ikkje kan sjå bilde. Så dette burde du ha på plass.

Difor er det fantastisk at Squarespace no har fått på plass eit AI-verktøy som gjer dette for deg på nokre få tastetrykk. Du kan også sjå over og justere om noko blir feil.

For å generere SEO-skildringar og alternativ tekst for nettsida di:

  1. Først må du sjå til at du har oppretta ei merkevareidentitet på nettsida di. Det kan du lese meir om her.

  2. Under settings finn du Marketing og klikkar på SEO Appearance.

  3. Her finn du knappen Improve with AI

  4. Verktøyet scanner sida di, finn områdar der dette manglar og kjem med forslag til nye tekstar – baset på merkevara di.

  5. Du kan generere nye forslag eller redigere dei manuelt før du lagrar.

Generer innhald med AI

Squarespace har eit integrert AI-verktøy for å generere innhald til å hjelpe deg å lage tekst, eller forbetre teksten du allereie har på nettsida di. Dette har dei hatt ein stund, men nå er den også på norsk.

Ved å skrive inn enkle stikkord i eit tekstfelt, kan AI-verktøyet foreslå innhald som du kan redigere og tilpasse – noko som sparar deg tid og gir inspirasjon. Eller du kan få hjelp til å korte ned eller forlenge eksisterande avsnitt.  

  1. Klikk deg inn i eit eksisterande eller nytt tekstfelt på nettsida.

  2. Trykk på dei tre prikkane og vel om du vil ha pharagraph, pitch eller blurp

  3. Hugs å promte på norsk eller ha med «in Norwegian» for å få opp teksta på norsk.

  4. Deretter kan du velgje om du vil forenkle, korte ned eller forlenge teksten.

Enkelt og effektivt! Dette kan du også bruke til å lage en ny bloggpost, finne innhald til nyheitsbrev eller legge til produktinformasjon. Hugs, jo betre promt, jo betre resultat.

Prøv AI-genererte bakgrunnsbilde

For å legge til eit bakgrunnsbilde i ein seksjon på sida, kan du velgje frå eit utval av AI-genererte bilde, mønstre eller gradientar. Slik gjer du for å leggje til ein AI generert bakgrunn:

  1. Klikk Edit på sida, deretter Edit section på den seksjonen du ønskjer å redigere.

  2. Klikk på Background.

  3. Klikk på "+" og Browse backgrounds.

  4. Under Stock backgrounds kan du finne bilde, mønstre eller gradientar.

  5. Når du finner ein bakgrunn du liker, klikk på den og vel legg til bilde.

Då er det berre å leike seg og sjå kva verktøy som gjer arbeidet meir effektivt for deg. Lurer du på kva programvareleverandør Squarespace har som grunnlags for sine AI-verktøy? Open AI, Anthropic og Google.

Lykke til!

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Neste
Neste

Kom i gang med nyheitsbrev i Squarespace