Feirar jubileum med «Scrollytelling»

Restauranthuset Malin har vore 25 år i Sogndal - og kva er vel betre enn å fortelje historia si på ein litt anna måte?

Vi har valt å kalle det Scrollytelling. Det er meir enn tekst og bilete. Du scrollar deg nedover sida, får opp video, titlar, bilde, sitat og tekst presentert i eit visuelt og elegant format. Du får lyst å scrolle vidare, og kombinasjonen av dei ulike elementa vekker interessa i deg.

Prøv sjølv her: Saftbygda som fekk smaken på sichuan og sashimi

Den gode historia

Ragnhild Myklemyr som jobbar med å presentere historia til Restauranthuset Malin.

Saman med Restauranthuset Malin har vi jobba mykje med korleis historia byggjast opp. Kva element som kan fortelje historia i lag. Vi har journalist Ragnhild Myklemyr i Gasta, som er ein kløppar på å tenkje ut vinklingar, trekke fram gode poeng - og sy saman ein god historie med riktige element.

Historia til Malin er ei personleg forteljing om korleis kinesaren Xian Wu Xu enda opp som kokk og starta restaurant på andre side av kloden - i Sogndal.

Filmar med mobilen

Ragnhild har vore nede på restauranten og filma alle filmsnuttane sjølv. Materiell Restauranthuset Malin også kan nytte i andre anledningar.

Ved hjelp av eit godt verktøy til å byggje opp historia, som vi integrerer på nettsida, har dei ei link som kan delast og sendast til alle.

Over 600 visningar ila av nokre dagar, med lesetid på over 3 minutt i snitt. Vi trur folk vi ha slike opplevingar. Historier som gir deg ei litt anna oppleving.


Vil du vite meir om Scrollytelling?

Ragnhild Myklemyr

Ragnhild Myklemyr er innhaldsprodusent i Gasta design og kommunikasjon. Ho er ekspert på å finne dei gode historiane og formidle dei på vegne av kundane våre.

ragnhild@gasta.no

Forrige
Forrige

Stor suksess med redesign av helsetøy

Neste
Neste

Arkitekten og Ålhytta