Stor suksess med redesign av helsetøy

Nor Tekstil vil forlenge levetida til tekstila sine med nytt redesign-prosjekt. Vi har hjelpt dei å kommunisere eit godt berekraftstiltak.

Nor Tekstil tilbyr mellom anna løysingar for arbeidstøy, men det er begrensa kor lenge kvart klesplagg kan bli brukt. No gjer dei tiltak for å auke levetiden på tekstilene.

Bærenettet er designet av Christine Fure Schwarz.

Prosjektet “Bærenett for bærekraft” syr om utgått helsetøy til flotte berenett ved hjelp av lokale produsentar. Slik får kvart klesplagg nytt liv.

Formidling på nettsida

Inni kvart handlenett finst ein merkelapp med QR-kode. Scannar ein den med mobilen, kjem ein inn på ein tilpassa landingsside på nettsida deira.

Her har vi hjelpt Nor Tekstil å presentere informasjon om prosjektet, korleis berenettet blir til og om dei lokale produsentane som syr netta - i kombinasjon med foto og video.

Smart å nytte QR-kode inni produktet, ikkje sant?

God respons

– Vi er veldig fornøgde med responsen, dette har blitt ein suksess, fotel Therese Svortevik, prosjektleiar i Nor Tekstil.

Prosjektet har allereie fått omtale både i Vestlandsrevyen, Firdaposten og innslag på radioprogrammet “God morgon Sogn og Fjordane”.

Trykk på skjermbildet under for å kome direkte til innslaget på Vestlandsrevyen.

Foto: Skjermbilde frå NRK nettavspillar.

Berekraftskommunikasjon er viktig

Å jobbe med berekraft gir deg eit konkurransefortrinn, men ikkje før du fortel om det. Du må fortelje om kva korleis de jobbar med berekraft.

– Mange gløymer å kommunisere berekraft på nettsida si. Med nettsida er jo grunnlaget for all digital kommunikasjon, og for nokon det første møtet med bedrifta. Difor er det så viktig å vise korleis ein jobbar med berekraft også på nett, fortel Astri Knudsen, som jobbar med berekrfatskommunikasjon i Gasta.

> Les meir om korleis vi kan jobbe med berekraftkommunikasjon.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Nytt videoprosjekt for Lerum: – Vi vil vise det ekte og ærlege

Neste
Neste

Feirar jubileum med «Scrollytelling»