Festivalfeber i Sogndal
I helga gjekk både Fjørarock og Balestrand Badeklubb Festival av stabelen, og 8.-9. september er det duka for Stooka Festival - med sitt rosa, freshe design!
Stooka Festival er arrangert av Sogndal Fotball, Studentspretten og Studenthuset Meieriet, og har i år headlines som Ylvis, Tyyl! og Hkeem. Vi i Gasta er glad for å vere med å utvikle logo, design og nettsida (i Squarespace, så klart).
Festivalen starta opp i fjor, og vi satt opp ei fin og funksjonell nettside med eit reint design. I år var det stor sett berre å endre hovudfarge, datoar og artistar.
– Eg er så glad for at vi gjorde ein grundig jobb med å etablere eit godt grunnlag for kommunikasjon i fjor. I år har det vore mykje enklare å komme i gang med marknadsføringa. Og eg har fått mange tilbakemeldingar på at vi er godt synleg i år med denne rosafargen, fortel Martin Hammar, prosjektansvarleg for festivalen.
NB! Dette er ikkje einaste festivalen vi jobbar tett med - sjekk gjerne ut nettsidene til Norsk Countrytreff, Førdefestivalen og Målrock!