Ny byråleiar i Gasta

I 26 år har Vidar Bondevik vore byråleiar i Gasta. I tre av desse åra har Astri Knudsen vore assisterande byråleiar. No skiftar vi på rollane!

Frå 1. september overtek Astri rolla som byråleiar. Vidar vil innta stilling som rådgivar og forretningsutviklar.

– Eg har jobba med Astri i snart åtte år og føler meg veldig trygg på at ho vil vere rett til å ta over denne stillinga, seier Vidar.

– Vi jobbar godt saman og har fokus på dei same tinga. Dette har vore ein gradvis overgang, så det vil ikkje bli dei store endringane i Gasta med det første, supplerer Astri.

Rigga for vekst

Vidar ønskjer å bruke meir tid på kundar og prosjekt, og gjennom denne endringa legg vi grunnlaget for å jobbe meir med strategi og merkevarebygging for kundar. Dette kjem i forlengelsen av satsinga vi starta på i 2021, då vi fekk på plass eit nytt knallteam til å jobbe med digital marknadsføring.

– Vi er ein solid gjeng, med lang erfaring og mykje kunnskap. Vi utfyller kvarandre godt. Eg er stolt av gjengen i Gasta og tek det som ei stor tillitserklæring å få leie denne gjengen vidare, fortel Astri.

Sjølv om vi opplever utfordrande tider i bransjen, har vi hatt god vekst i omsetninga så langt i år. Vi har som mål å runde 10 millionar i 2023 - ein milepæl!

Fokus framover

Fokuset framover blir å jobbe meir med eksisterande kundar på tenester rundt digital marknadsføring, som innhaldsproduksjon, søkemotoroptimalisering, kampanjar, digital historieforteljing m.m.

I år fekk vi status som Squarespace Enterprise-kunde, som eit av tre byrå i Skandinavia. Dette gir oss drahjelp på kompetanse og tilgang til fleire nye kundar som ønskjer nettsider i Squarespace. Kjernen i Gasta er fortsatt å vere Squarespace-spesialisten, så dette er eit bra steg for oss.

Og Vidar?

Han stiller nok på jobb på Campus Sogndal kl 07:00 den 4. september, klar til å lage kaffi til kollegaer og til å jobbe meir med spennande Gasta-kundar. For 62 år er ingen alder - ikkje eingong i byråbransjen!

Interessert i å diskutere prosjekt med oss? Ta kontakt

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

LinkedIn for bedrifter - kvifor det?

Neste
Neste

Festivalfeber i Sogndal