Meir fokus på digital marknadsføring

Gasta og Drople har frå 1. november fusjonert inn Drople og Astri Knudsen. Vi vil levere alt det kunden treng når nettsida er lansert.

Samlebegrepet digital marknadsføring omfattar mykje. I vår verden dreier det seg om det som skjer når kunden har fått ny nettside. Korleis held ein liv i nettsida? Korleis gjer ein nettsida synleg for kundar? Korleis posisjonerer ein seg i ulike kanalar?

I januar fekk vi vår digitale rådgivar Live Sørtvedt med i staben og no har tidlegare journalist Astri Knudsen, og dotterselskapet Drople, blitt ein del av Gasta. I tillegg har vi Hilde Nes, vår trufaste og flinke designar.

- Astri har lang erfaring med å skape dei gode historiane for kundar og vi ser at det er stort behov for hjelp til innhald. Vi er glade for at Astri no skal jobbe 100 prosent med våre kundar og ho går inn i ei rolle som assisterande byråleiar, seier Vidar Bondevik, byråleiar i Gasta.

I lag skal vi skape vekst for våre kundar. Det handlar om å skape gode historiar, skilje seg ut og ha ein god struktur i kommunikasjonen.

Vi gler oss til å skape fleire suksesshistoriar - saman med våre kundar.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No vil vi ha vinter

Neste
Neste

Nye nettsider for Reiulf Ramstad arkitekter