Treng nettsida di eit løft?

Lurer du på om nettsida di er «god nok»? Her er 5 punkt du kan vurdere.

Nettsida er bedrifta sitt ansikt ut og bør vere oppdatert. Ho skal formidle kven du er og kva du kan tilby. Då er strategisk riktig innhald, god struktur på nettsida og fint design viktig. I den digital verda blir ting fort utdatert. Ser du behov for små eller store oppgraderingar på nettsida di?

Her er fem punkt du bør vurdere:

  1. Er nettsida di tilgjengeleg for alle?

    Det har skjedd store endringar i retningslinene knytt til universell utforming dei siste åra. Er nettsida di i tråd med krava, og tilrettelagt for alle brukarar?

  2. Speglar nettsida merkevara di? 

    Endringar i marknad eller målgruppe påverkar gjerne profilen til bedrifta di. Står designet på sida di i stil med kven du er og kva du vil formidle?

  3. Er nettsida di god å bruke på mobil? 

    Statistikken tilseier at dei alle fleste vil besøke nettsida di via mobiltelefon. Fungerer nettsida di like godt på ein mobilskjerm?

  4. Er innhaldet ditt oppdatert?

    Nye tilsette, milepælar eller endringar i teneste og produkt? Fortel om det på nettsida di! I tillegg til å gi brukar riktig og oppdatert informasjon, bidreg godt innhald til å gjere deg meir synleg i søkemotor.

  5. Når du måla dine på nett? 

    Det kan vere fleire årsaker til at ei nettside «sluttar» å fungere effektivt. Opplever du låg konverteringsrate og problem med å nå KPI’ar? Det er teikn på at nettsida kan trenge ei oppgradering.

Me tek gjerne ein prat for å finne den beste løysinga for deg.

 

Sjå nettsider vi har utvikla

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Slik får du tilgang til gratis foto i Squarespace

Neste
Neste

Gasta blir Squarespace Enterprise-kunde