Slik får du tilgang til gratis foto i Squarespace
Har du behov for bilde til nettsida, men har ingen på disken din?
Ingen grunn til å fortvile, Unsplash er direkte kobla til Squarespace. Her finn du ca. 850 000 foto du kan bruke - og dei er heilt gratis. Med eit enkelt tastetrykk kan du laste opp eit foto når du er inne og redigerar eit galleri, ei side eller ein nyheitsartikkel.
Slik finn du foto i Squarespace:
Steg 1:
Klikk på plussteiknet slik at du får til gang til alle blokkene i Squarespace. Her klikkar du på “Image”.
Steg 2:
Klikk deretter på feltet “Add an Image"
Gratis bilde:
Då vil du få opp ein ny meny der du kan velje mellom “My library”, “Free” og “Premium”. Klikk på “Free” og du er inne i Unsplash sin database.
Søk - på engelsk - og finn eit foto som du ønskjer å legge inn på nettsida. Vel bilde og trykk “Add to site” .
Kjøp av bilde:
Klikk på “Premium” og du er inne i Unsplash sin betalte database.
Søk - på engelsk - og finn eit foto som du ønskjer å legge inn på nettsida. Vel bilde og trykk “Preview on site”. Då får du testa bilde før du betalar (men det vises med vannmerke). Ynskjer du dette bildet, trykker du bildet og vel “purchase”. Då må du legge inn betalingskort - om du ikkje allereie har eit betalingskort lagra i Squarespace.
Premium kostar 10 dollar
Klikkar du på Premium vil du få tilgang til GettyImages sin database. Her har du tilgang på fleire millionar foto, som koster ca 10 dollar per foto. Her må du legge inn betalingskort for å kjøpe lisens.
My library = ditt bildearkiv i Squarespace
Det første valet i menyen er My library, som gir deg oversikt over alle foto du har lasta opp til Squarespace. Så her finn du ditt bildearkiv.