Google Analytics er lovleg likevel!

SEO

Datatilsynet melder om nye reglar for overføring av personopplysningar.

Dei aller fleste Gasta-kundar har verktøyet Google Analytics installert på nettsida si. Det er gratis, og gir nyttig innsikt i bruken av nettsida.

Men over lengre tid har det vore ein prosess på gang for å avgjere om verktøyet kan vere ulovleg. Årsaka til dette, er at verktøyet sender data frå Europa til USA, noko som tidlegare har vore brudd på lovverket for personopplysningar, kjend som GDPR.

Men no har vi endeleg fått svaret.

Nye reglar for overføring av personopplysningar frå Europa til USA, gjer det no lovleg å bruke Google Analytics.

Dermed kan alle kundane våre (og vi!) puste letta ut, og fortsette å dra nytte av fordelane med verktøyet. Det er likevel verdt å merke at det ikkje er utelukka at det kan oppstå liknande saker i framtida. Vi følger med vidare!

Vite meir? Sjå nyheitssak på digi.no eller les meir om vedtaket hjå Datatilsynet

Lurer du på noko om Google Analytics på nettsida di? Ta kontakt med oss

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

3 ting du burde vite om nye Google Analytics 4

Neste
Neste

Nok ein besøksrekord for Norges beste countryfestival