Har du marknadsføringa klar før jul?

Ikkje lat nettside og sosiale medium liggje brakk sjølv om dei tilsette er på ferie. Her er det du bør hugse å ha klart før du tek juleferie.

Sjølv om kundane dine ikkje er på jobb i jula, logger dei definitivt ikkje av. Mange har derimot enno betre tid til å både surfe på nettet og planleggje framover mens dei har ferie.

Difor kan det vere lurt å allereie no planleggje korleis du skal halde liv i kanalane dine gjennom julehøgtida.

Sikre kontinuitet

I ferien har mange ekstra god tid til å lese artiklar, surfe og handle på nettet. Då er det dumt om kanalane dine ligg heilt brakk. Kva med å lage klar nokre artiklar på nettsida som kan delast i jula?

Forhåndspublisering

Dei fleste sosiale medium let deg planlegge innlegg i forkant, slik at dei blir publisert automatisk på det valde tidspunktet. Legg klar nokre postar til publisering i jula, så slipp du å bekymre deg i ferien din.

Opningstider og kontaktinfo

Hugs å oppdatere opningstidene i Google Min Bedrift og på nettsida di. Gjer det klart for kundane dine kor og korleis dei skal henvende seg i jula.

Les også: Slik endrer du opningstidene i Google

Kommentarar og spørsmål

God service er med på å byggje merkevaren din - også i feriane. Ideelt sett bør nokon vere tilgjengeleg for å svare på kommentarar og meldingar i jula. Kanskje du kan setje opp ei ferieliste, slik at nokon sjekkar innom av og til?

Kva kan eg snakke om?

Det er ikkje sånn at alt vi les i jula treng å handle om jul. Ferien kan vere ein ypperlig tid til å dele fagstoff, fortelje om det nye prosjektet du skal begynne med eller vise fram ein ny tilsett som startar på nyåret. Vi har alle betre tid i feriane, og det er ikke til å stikke under stol at litt av den tida går med til å scrolle på mobilen. Nytt sjansen!

Treng du hjelp med å lage klart innhald? Ta kontakt med oss, så ser vi på det i lag.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nyheit: Utvida funksjonalitet i Asset Library

Neste
Neste

Nytt magasin for Kunnskapsparken Vestland