Kva vil påverke markedsføringa i 2022?
Det er mange som no legg planar og budsjett for det komande året. Er det noko du bør ta høgde for i året som kjem, er det disse 5 trendane:
1. Ei verd utan tredjeparts cookies
Bruken av informasjonskapslar har gitt mange vekst og suksess sidan 1990-åra. Men no bestemmer ein og ein av dei store teknologiselskapa at dei ikkje lenger skal støtte sporing ved hjelp av tredjeparts cookies. Google, som har 65 % av søkemarknaden, vil setje kroken på døra seint i 2023.
Endringen gjer at markedsførarar må tenkje meir kreativt i val av format og kanal, og ikkje minst finne nye parameter å måle kampanjar på. Mange auker innsamlingen av førstepartsdata for å kunne fortsette å levere relevante annonsar, og det kjem i tillegg fleire nye annonseplattformer på marknaden. Det er liten tvil om at den såkalla “cookiedøden” er noko som vil prege 2022. Stay tuned!
Les også: Dette betyr utfasing av tredjeparts cookies for deg
2. Berekraft som konkurransefortrinn
Fleire er oppteken av berekraft. Forbrukarane vil ha produkt som er framstilt av berekraftige råvarer, med etisk og miljøvennleg produksjon.
Dei vel merkevarer som tek standpunkt, som er transparente og som vil gjere ein forskjell.
Heng ikkje verksemda di med i timen, er det fort at dei vel konkurrenten foran deg.
På samme tid er det mange merkevarer som revurderer kven og kva dei er, og ikkje minst kva innvirkning dei har utover profitt, entan det gjeld å skape ei meir rettferdig verd eller nå netto-nullutslipp.
Verksemder som klarar å tilpasse seg nye krav, og finn ein god måte å kommunisere “grønt” på, vil garantert få eit konkurransefortrinn i år.
3. Auka fokus på eigne nettsider
Med cookiedød og endringar i målretting av annonsar, blir det enno viktigare å samle inn eigne data. Til dømes blir lista med e-postadresser for nyheitsbrevet ditt enno meir verdifull.
For å klare å samle inn data sjølv, må ein sikre at eigen nettside fungerer optimalt. Det vil det bli enno meir fokus på såkalt konverteringsoptimalisering, som handler om å forbedre konverteringsraten på nettsida. Ein konvertering kan vere at nokon handler ei vare eller tar kontakt via eit skjema. Det vil bli brukt meir tid på analyse og testing, for å finne ut kva som funker og ikkje.
4. Meir bruk av video
Video er framleis det mest virkningsfulle formatet i sosiale medium. Video når fleire, og skapar meir engasjement enn bilder, lenkepostar og tekst.
For bedrifter, gir videoformatet fleire fordelar. Ein får sagt mykje på kort tid, og ein kan bruke fleire visuelle verkemiddel for å skape ein stemning - som musikk, tale, tekst og animasjonar.
At vi har ein mobiltelefon i lomma senkar òg terskelen for å kome i gang med video. Vi er sikker på at det blir auka bruk av video frå fleire merkevarer framover.
5. Langsiktig merkevarebygging
Uansett kva du vel å fokusere på i markedsføringa: Tenk merkevarebygging! Forskning av Binet og Field (2019) viser at det er sterke merkevarer som i størst grad klarar å auke salet over tid. Det viktigaste i all kommunikasjon er at det spring ut frå ein plass: Kven er vi, kvifor driv vi med det vi gjer, og korleis ønskjer vi å framstå?
Det handlar om omdømmet ditt, så vel som den visuelle identiteten din. Det må vere samsvar mellom det du er, og det du seier og gjer.
Den beste måten å bygge omdømme på i 2022, er gjennom å tenkje langsiktig, og å skape innhald som byggjer autoritet, truverd og tillit.