Frå A til Å med ViteMeir

I november opna det nye vitensenteret på Kaupanger. Vi har hatt gleda av å få vere med på mykje av reisa - frå namnevalg, logo og visuell identitet, til nettsider og dekorering av sjølve bygget.

Vi er tilbake til 2018, når vi snakkar om namneval og design av visuell identitet. Det vart utvikla av ein dedikert gjeng frå Høgskulen og Gasta, med Marianne Jevnaker i spissen (tidlegare dagleg leiar i ViteMeir).

Mange kloke hovud landa på navnet ViteMeir - eit leikent ord som appelerer til alle aldrar.

Vitemeir er synlege på vegen med denne fargerike bildekoren.

Klimatidslinja er ein av mange illustrasjonar vi har fått lage til lokalet.

Både stort og smått

Designar Hilde Nes har arbeidd tett saman med ViteMeir frå starten. Ho har utforma alt frå sjølve logoen til fargepalett, brosjyre og foliering. Ho kan fortelle om eit spennande prosjekt kor ho har fått utfalde seg kreativt.

– Det er ein moro kunde å jobbe med, då dei ønskte eit leikent design, med sterke fargar og fleire ulike element. Og så har det vore veldig stas å få vere med heile vegen, frå start til nokre timar før opning, fortel Nes og legg til:

– Det er ein utruleg kjekk gjeng å jobbe med, og eg er imponert over tempoet dei hadde i innspurten til opninga. I tillegg hadde vi godt samarbeid med Robert i A1 Reklame. Eg kunne til dømes sitte med design til ei utstilling, og berre nokre timar seinare var utstillinga ferdig montert på veggen!

Sjå meir av det vi har laga for ViteMeir i vår prosjektartikkel

Nettside i Squarespace

Nettsida blei satt opp tidleg i prosessen, med mål om å informere om utviklinga til senteret og skape interesse for sponsorar og partnarar. Etter kvart blei det lagt til billettar, utstillingar og nyheiter.

Resultatet blei ei fargerik og informativ nettside, og det har vore moro å utvikle denne parallelt med utviklinga av senteret.

ViteMeir fekk nye, fargerike nettsider i Squarespace.

Illustrasjon på 4 x 3 meter!

Emma Kenny, illustratør og grafisk designar i Gasta, har òg arbeidd mykje på prosjektet, spesielt med illustrasjonen “Geoveggen”. Dette er ein gigantisk illustrasjon, med mange detaljar - montert på skyvedørar i glas.

– Det har vore ein av dei mest krevjande og spennande illustrasjonane eg ha laga, då den er svært detaljert og skal være fagleg korrekt. Veldig moro å få utfolde seg slik. Og det var veldig stas å sjå illustrasjonen på den store veggen, som er 4x3 meter, fortel Kenny.

Geoveggen er montert på ei skyvedør i glas og måler totalt 4 x 3 meter!

Utsnitt av Geoveggen (oppe til venstre).

 

Takk til ViteMeir for eit godt samarbeid så langt! Vi gler oss til å fortsette arbeidet med dykk óg i framtida.

Her kan du sjå fleire bilde:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Tre nye nettsider for Fursetgruppen

Neste
Neste

Kva vil påverke markedsføringa i 2022?