Lansering av tre ganske forskjellige nettsider

I overgangen november-desember fekk vi gleda av å lansere tre nye nettsider på kort tid. Det som er ekstra moro er kor ulike dei er!

Dei tre nettsidene tilhøyrer ein folkehøgskule, ein dyreklinikk og ein kunstnar.

Det er klart at dei alle hadde ulike ønskjer og behov då dei tok kontakt med oss. Dermed er òg dei nye nettsidene deira blitt ganske ulike.

Det dei har til felles, er at dei alle er utvikla i Squarespace.

Har noko for dei fleste

Med Squarespace som verktøy kan ein lage nettsider til dei fleste behov. Frå komplekse nettsider med mykje informasjon og ein komplisert struktur, til enklare sider med fokus på bilder og design.

Ein kan også byggje enkle nettbutikkar, slik som kunstnaren hadde behov for i dette tilfellet.

Sjå dei tre nettsidene her:

- Eit moro prosjekt

Ellen Emilie Stangeland, digital markedsførar i Gasta, har arbeidd med alle tre nettsidene. Ho fortel at det har vore kjekt å jobbe med tre så ulike prosjekt parallelt:

Det har vore moro å skulle finne den beste løysinga for kvar enkelt kunde. Nokon hadde mykje informasjon å formidle, nokon trengte ei visuell fornying, mens andre hadde behov for nettbutikk. Slik har vi endt opp med tre ganske ulike nettsider.
— Ellen Emilie Stangeland, digital markedsførar i Gasta
 

Nysgjerrig på nettside i Squarespace?

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Film i stillingsutlysinga?

Neste
Neste

Desse tala bør du sjå på i Squarespace Analytics