Film i stillingsutlysinga?

Film fungerer godt i sosiale media. Her for Rekkje Stiutvikling og SIMAS IKS.

Skal du lyse ut ei stilling? Då kan video vere vegen å gå for å få meir merksemd og fleire kandidatar.

Her viser vi deg to eksempel på prosjekt kor vi har fått gode resultat med nettopp video.

Dagleg leiar til Rekkje Stiutvikling

Hausten 2021 var Rekkje Stiutvikling klare til å profesjonalisere drifta si ytterlegare, og ville lyse ut stillinga som dagleg leiar. Då dei tok kontakt med oss i Gasta, ville dei vite korleis dei kunne nå målgruppa på best mogleg måte og få inn dei riktige kandidatene.

Vi vart einige om å bruke film som verkemiddel. Vi produserte ein kort filmsnutt, kor vi brukte klipp som Rekkje allereie hadde, i kombinasjon med nye klipp av gründer Roald Eidsheim som snakkar til kamera og som voiceover. Filmen gir både eit inntrykk av gründeren bak bedrifta, kva dei driv med i dag og korleis dei ser for seg framtida.

Stillinga blei lyst ut i november, gjennom det ein kanskje kan kalle ein “stillingspakke”, kor vi mellom anna hjalp dei med pressemelding til lokale aviser og bransjemagasin for terrengsykling, stillingsutlysing på finn.no, filmproduksjon og annonsar på Facebook og Instagram mot rett målgruppe. Filmen blei sett over store deler av landet, og fekk mange positive tilbakemeldingar.

Sjå filmen vi laga for Rekkje Stiutvikling:

Direktørstilling hos SIMAS IKS

Hausten 2021 var det tid for SIMAS å lyse ut stillinga som direktør. Vi blei einige om å bruke film som virkemiddel i utlysinga, og Gasta stod for heile produksjonen.

I filmen følgjer vi noverande direktør Hallvard Thomassen, som fortel om kva direktørstillinga inneber og moglegheitene som kjem med stillinga. Heile filmen foregår i Festingdalen, med klipp av aktivitetar på området og med Hallvard som voiceover.

Filmen blei brukt både i sosiale medium, nettside og i stillingsutlysninga. Den blei godt motteken, og fekk særleg god rekkevidde på sosiale medium kor den blei sett av mange.

Til saman utforma vi fleire element til stillingsutlysinga: pressemelding til media, stillingsutlysing på jobbnorge.no, filmproduksjon, annonsar i ei rekkje lokalaviser og annonsar på Facebook og Instagram.

Sjå filmen vi laga for SIMAS IKS:

Skal vi ta ein prat om video?

Astri Knudsen

Ass. byråleiar, digital rådgivar
astri@gasta.no
+47 984 08 619

Ingvild Helle Hagen

Digital marknadsførar
ingvild@gasta.no
+47 928 81 906

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vi tar juleferie til 3. januar

Neste
Neste

Lansering av tre ganske forskjellige nettsider