Er Pinterest noko for di bedrift?
Norske bedrifter har begynt å få auga opp for Pinterest, og det er mange gode grunner til det. Finn ut om det er noko for deg.
Kort introduksjon til Pinterest:
Pinterest kan enkelt forklarast som ein visuell søkemotor. Her kan ein kan finne idear og inspirasjon innanfor ein rekkje ulike tema, litt som ein “interaktiv oppslagstavle”. Det fungerer slik at brukarane organiserer interessante bilder og video (“pins”) i ulike samlingar. Ein kan sjå og følge andre sitt innhald, og velge å dele dette vidare i sine eigne samlingar (“re-pin”). Brukarane legg i mindre grad ut eigenprodusert innhald, men deler vidare innhald frå nettsider dei finn interessante eller inspirerande. 1,19 millioner nordmenn har allereie profil på Pinterest, og dagleg bruk ser ut til å auke (Ipsos).
5 grunnar til å bruke Pinterest som bedrift
Visuell plattform: Pinterest eigner seg godt for bedrifter som sel produkt eller tenester som kan visast visuelt. Bilder, infografikk og video gjer seg godt i kanalen og fangar merksemda til potensielle kundar.
Driv trafikk til nettsida di: Kanalen er kjend for evna til å skape nettsidetrafikk. Alle “pins” kan innehalde lenkje til nettsida di, ein god moglegheit til å få meir besøk og dermed fleire konverteringar.
Lang levetid på innhaldet: I andre sosiale medium forsvinn innhaldet raskt i brukaren sin feed. På Pinterest har innhaldet mykje lenger levetid, og ein “pin” kan ofte bli sett og delt mange månadar og til og med år (!) etter den opprinneleg blei lagt ut.
Målretting og annonsering: Det er mogleg å annonsere på Pinterest, og her er målrettinga svært god. Med verktøyet deira blir det enklare å nå rett person til rett tid, og dermed øke effektiviteten og avkastningen på annonsane dine.
Inspirasjon og planlegging: Mange bruker Pinterest til å finne inspirasjon og planlegge alt frå bryllaup, interiørdesign, DIY-prosjekter og reiser. Her kan ein nå ein engasjert målgruppe som allereie er i planlegginsfasen og dermed nærmare eit kjøp.