Korleis legge inn søkeord i Squarespace?

Søkeord, eller nøkkelord, er ein viktig del av SEO. Her er 5 plassar du bør legge inn søkeord på nettsida di i Squarespace.

Det første du må gjere, er sjølvsagt å finne ut kva søkeord du skal vere synleg på. Det er første ledd i ein SEO-strategi, kor kunsten er å velje søkeord som mange søker etter, som er relevante og som det er realistisk å kome på topp på. Men det er ein annan diskusjon, som du kan finne ut meir om på våre SEO-sider.

Når strategien er lagt og nøkkelorda definert, må du implementere dei på nettsida di:

7 plassar du bør legge inn søkeord i Squarespace

  1. SEO title og SEO description: Ved siden av namnet på sida, klikk tannhjulet og vel fana “SEO” i pop-up’en. Her kan du skrive inn tittel og beskriving som vil visast i trefflista (SERP) i søkemotoren.

  2. Overskrifter på sida: Overskrifter bør alltid innehalde nøkkelord. H1 er hovudoverskrifta, og så er det lurt å bruke gode H2 og H3 i tillegg. Dette vel du i tekstformateringa og seier noko om hierarkiet på overskriftene.

  3. I teksten: Det er lurt å inkludere nøkkelord i løpet av dei første 100 orda på landingssida di. Men ver merksam på at du ikkje må gjenta nøkkelordet for mange ganger, det kan gå utover lesbarheita og opplevast som keyword stuffing.

  4. URL-en: Sjølve lenka eller adressa til undersida. Ved siden av namnet på sida di i lista, klikk tannhjulet. I feltet “URL slug” kan du skrive inn ein god URL som inneheld nøkkelord. (Hugs å ikke

  5. Alt-tekst på bilder: Alternativ tekst gjer at søkemotorar og verktøy for svaksynte kan “lese” kva eit bilde viser. Klikk på bildet, velg blyant for å redigere, legg inn tekst som beskriver bildet i feltet “Image Alt Text”. Meir om bilder og SEO i Squarespace.

OBS: Ikkje overdriv!

To ting du må vere merksam på i arbeidet med nøkkelord:

  • Unngå keyword stuffing, altså at sida blir så proppfull av nøkkelord at den blir rotete eller framstår useriøs. Som dei seier, alt med måte.

  • Unngå keyword cannibalization, som betyr at fleire undersider på nettstedet ditt kjemper om å rangere på det samme nøkkelordene eller dei samme frasane. Den eine vil då slå ihjel den andre fordi du konkurrerer med deg sjølv. Det er viktig å tenke at kvar underside skal ha eit unikt sett med nøkkelord som er relevante for nettopp den undersida.

Treng du hjelp til å komme i gang med målretta SEO-arbeid? Sjekk ut vår SEO-pakke, eller ta kontakt for ein prat.

Hente inspirasjon herfra:

https://www.seospace.co.uk/blog/how-to-add-keywords-to-squarespace-website

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Er Pinterest noko for di bedrift?

Neste
Neste

Flåmsbana: – Effektive prosessar har gjort vegen frå bestilling til lansering kort