Megameny i Squarespace 7.1
Vi ser at mange av våre kundar er gode på å produsere innhald på nettsidene. Ofte opplever desse at menyen etter kvart blir uoversiktleg og vanskeleg å navigere i for brukaren. Då kan ein megameny vere løysinga.
Lite er meir frustrerande enn å besøke ei nettside med dårleg navigasjon. Kompliserte menyar og dårleg brukarvennlegheit kan vere nok til at brukaren forlet nettsida utan å ha fått gjort det han eigentleg kom for å gjere. Slikt tapar ein kundar på.
Særleg for store nettsider med mykje innhald og informasjon, kan dette vere ei utfordring. Men heldigvis: Med ein megameny kan ein i mange tilfeller løyse problema.
Kva er ein megameny?
Ein megameny, eller mega menu på engelsk, er ein type toppmeny eller navigasjonsmeny som ein kan nytte på nettsider. Med ein megameny kan ein utvide menyen for å vise mange val i ei todimensjonal oversikt. Eller litt enklare forklart: Det er ein stor menyboks som viser deg alle hovud- og undersidene på nettsida samtidig, slik at du enkelt kan klikke på den sida du leiter etter.
Fordelar med megameny:
Enklare navigering. Betre oversikt over innhaldet gjer det enklare å finne det du er på jakt etter
Færre klikk. Du ser alt innhaldet på ein gang, noko som kan redusere tal klikk
Betre for søkemotor. Kan bidra til at søkemotorar lettare forstår strukturen på nettsida, og dermed legg grunnlaget for betre rangering.
Korleis få megameny i Squarespace 7.1?
Megameny er ikkje standard i Squarespace 7.1 heller, men kan lett implementerast og du må rekne med rundt 3-4 timars arbeid med koding og design. Når megamenyen først er sett opp, er det enkelt for deg å endre, legge til eller å flytte på innhaldet slik du ønskjer.
Under ser du litt ulike megamenyer vi har laga. Ver klar over at vi kan tilpasse ein megameny i stor grad til ditt design og behov.
Treng alle megameny?
Nei absolutt ikkje! Har du ei enkel nettside der menyen er oversiktleg og lett å navigere i treng du ikkje megameny!
Eksempler på megamenyar:
Argus Remote Systems
Argus Remote Systems ville ha tilgjengeleg oversikt over produkt og teknologi
Nor Tekstil
Nor Tekstil fekk etter kvart ein uoversiktleg meny,
som vart elegant løyst med megameny.
Nasjonalt Villakssenter
På Nasjonalt Villakssenter sine nettside har vi tilpassa koden for å få til ein megameny som viser dei riktige overskrifter og strukturen
Røldal skisenter
På Røldal skisenter har vi også brukt ikon i megamenyen
for å forsterke fokusområder. Foto kan også brukast.
Maritime Battery Forum
Ein ryddig megameny på Maritime Battery Forum. “Login” og “Become a member” er lagt som eigne knappar ved siden av menyknappen for å framheve desse.
Sunnaasstiftelsen
Sunnaasstriftelsen fekk etter kvart ein rotete meny,
som vart rydda opp i og løyst med megameny.