Ny visuell identitet for Luster kommune
Luster kommune har nyleg lansert ei moderne og brukarvenleg nettside, der den nye profilen verkeleg kjem til sin rett.
Den nye visuelle identiteten, utvikla av oss i Gasta, hentar inspirasjon frå dei djupe, klare fjordane, dei majestetiske fjella og det frodige kulturlandskapet som gjer Luster unik.
Gjennom eit tett og særs godt samarbeid med kommunen, vart profilen utforma med utgangspunkt i sentrale verdiar som fjord, fjell, kraft, turisme, natur og vekst – element som saman speglar både identiteten og framtidsvisjonane til Luster.
– Ideen om dei runde og leikne formene er henta frå naturen. Med ein fargepalett som speglar på naturen, og grafiske element som skapar ein raud tråd på tvers av flater, bidreg profilen til ei heilskapleg og gjenkjenneleg visuell framstilling av kommunen, fortel Hilde Nes, designer i Gasta.
Målet har vore å lage eit uttrykk som er tidlaust, tydeleg og inkluderande – noko som styrker identiteten til Luster kommune og gjer det lettare for innbyggjarar og besøkande å kjenne att kommunen sin kommunikasjon.
7. februar lanserte Luster Kommune sine nye, kreative nettsider.
Eit godt samarbeid
For oss i Gasta har det vore eit spanande arbeid å skape ein visuell profil som ikkje berre ser bra ut, men som også formidlar kjernen av det Luster står for.
– Vi synest det er kjekt å få bidra til slike prosjekt og set pris på det gode samarbeidet med kommunen. Det er ekstra gøy når vi har så god dynamikk som vi har hatt og dreg projektet i same retning, fortel Nes.
Ønskjer du hjelp til å forme eller justere din visuelle identitet? Kontakt oss gjerne.
Den nye grafiske profilen blir nytt til profilering i fleire flater.