Ny image block i Squarespace
No blir det enklare å arbeide med foto og tekstar.
I Squarespace er all funksjonalitet bygd inn i systemet gjennom ulike blokker (blocks) som ligg lett tilgjengeleg. No er Image Block lansert i ny versjon (beta), og med denne lanseringa kan du lettare plassere tekst på foto, under foto, på bakgrunn. Alt raskt og lett tilgjengeleg med fem ulike layout:
Poster Layout
Skriv teksten rett på bildet. Teksten er "live" og ikkje ein del av bildefila, og er dermed også tilgjengeleg for søkemotorar og lett å endre. Ver forsiktig - pass på at teksten er godt lesbar.
DnB-bygget, Bergen
Fasade: Bolseth Glass
Card Layout
Legg teksten til venstre eller høgre for bildet. Teksten er godt lesbar på eiga fargeflate. Kjempefint for m.a. å presentere tilsette. På mobilen kjem teksten under bildet.
Ingar Midtbø
Glad designer i Gasta design & kommunikasjon as
Overlap Layout
Her overlappar teksten bildet og fargeflata.
Fanaraaken, Norway
Foto: Innovasjon Norge
Collage Layout
Her kjem teksten godt fram på eiga fargeflate på bildet. Kan vere fint til f.eks å framheve salsbodskap, som her.
Timbla langbord
Bestill på www.timbla.no. Foto: Marius Beck Dahle
Stack Layout
Denne er genial! Tidlegare var dette tidkrevande å få til, men no er det lett å sette opp fleir-kolonne foto og tekst. Godt lesbart og elegant - også på mobil
Walaker hotel - middag
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Sed tempor ligula sed justo fermentum, quis efficitur quam dignissim. Curabitur luctus, diam a facilisis euismod, ex erat dictum felis, rutrum euismod felis libero eu elit. Fusce ac dui molestie risus ultricies tincidunt vel quis odio. Ut tristique magna tellus.

Sjekk ut nye image block
Når du er på sida, dra markør mot venstre og klikk på innsettingspunktet (boble). Klikk Image. Hent inn eit bilde frå disken og så klikkar du på Design i menyen. Der ligg alle desse flotte, nye lay-out-funksjonane.
Test deg fram! Squarespace er moro!
Og vil du ha hjelp eller innspel - ta kontakt med oss i Gasta. Vi er glad for å bli kontakta!