Ei av dei første endringane Tom gjorde som leiar, sette fart på omsetninga
Suksesshistorie #1: – Heile organisasjonen måtte forstå kor viktig dette var om vi skulle vekse, seier Tom Dyrdal i NTP.
Vi i Gasta ønskjer å fortelje meir om kundane våre, og vise forskjellar og likskapar. Korleis skape suksess? Kva digitale verktøy vert nytta? Korleis jobbar dei med marknadsføring? Først ut er Avery Dennison NTP i Gaupne.
Dyrdal snakkar rett og slett om kompetansen og kapasitet på programmering. I 2017 vil dei ha tre heile stillingar som jobbar med dette. I tillegg nyttar dei kompetanse utanfrå på mellom anna nettsider, for å sikre at potensiell trafikk går til Avery Dennison NTP (det er her Gasta kjem inn).
– Det har vore viktig at heile organisasjonen forstår verdien av å vere god på programmering. Då kjem det også briljante idear frå eigne rekker, påpeiker Dyrdal.
Eigenutvikla programvare
33-åringen tok over som dagleg leiar i 2015, med ambisjonar om å doble omsetninga innan 2020. For å komme dit, har det vore kritisk å møte den digitale verda med dei rette verktøya.
– Difor har vi nytta mykje tid på å lage smarte system som sparar både kunde og oss for unødvendig tidsbruk. Gode e-handelsløysingar kombinert med eigenutvikla programvare for ordrebehandling og produksjonsplanlegging vart løysinga.
NTP lanserte ”Unifom builder” hausten 2016, ei programvare som gjer det lettare å bestille produkt på nett. Kundane kan vise sluttbrukaren det faktiske produktet med logo. Deretter kan alle logoar bestillast ved eit tastetrykk i webshopen.
– No brukar kundar frå Noreg og resten av Europa desse løysingane og me jobbar kontinuerleg med å forbetre dei, fortel Dyrdal.
Optimalisering av søkeord
NTP jobbar strategisk med marknadsføringa. Dei har fokus på å skape innhald på nettsida, i sosiale medium og bruk av nyheitsbrev. For dei er det framleis viktig å møte kunden over ein kopp kaffi, på messer eller ved kundebesøk i Gaupne.
– Men det er ei markant endring på kor mykje research kundane gjer. Då er det viktig med god og oppdatert informasjon på nettsider og i webshop, fortel Dyrdal.
For at kundane skal finne Avery Dennison NTP når dei søkjer etter bransjerelaterte ord, har dei jobba strategisk med søkemotoroptimalisering (SEO). Relevante ord og uttrykk for bransjen har sørga for meir trafikk inn til nettsida, og NTP kjem i dag høgt opp på Google-søk utan at dei må betale for det. Særlig med ord som ”transfermerker”.
Mange faktorar til suksess
Det er mange ting som gjer at NTP kunne måle ein auke i omsetninga på 17 millionar kronar dei siste to åra. Dei nyttar mellom anna mykje utvikla teknologi for å spore og kvalitetssikre produksjonen, då dette gir riktig og stabil kvalitet. Dette kan vera temperatur, luftfuktigheit, tørketemperatur, type ramme, type farge, eller trykkehastigheit. I tillegg jobbar dei med betre automasjon på utsending av leveransar. Eit par minuttar spart per pakke utgjer store summar.
– Systemet me har utvikla for å gå papirlaust, gir oss gode og detaljerte data for produksjon. Dette har vore kritisk for å kartlegge forbetringsområde, seier Dyrdal og utdjuper:
– Vår fremste styrke i marknaden er at vi er godt etablert, har beste kvalitet og er kjent for det. God kundeservice, miljøfokus, stabil og god leveringstid - og ikkje minst gode e-handelssystem. I tillegg har vi høg truverdigheit. Når vi seier at vi har god kvalitet utan miljøgifter og bærekraftig drift, kan kundar som Ferrari, Hugo Boss, Devold, FC Barcelona, Nike, Adidas og Man Utd skrive under på det. Fleire av desse kundane har faktisk vore i Gaupne for å sjå at vi kan stå for det vi seier.