Ny versjon av Squarespace analytics

Gasta registrerer alle nettsidene vi lager i Google analytics. Dette statistikk- og analyseverktøyet gir deg all tenkeleg informasjon om aktiviteten på nettsidene. Men vi opplever stadig at våre kundar opplever Google Analytics som ein tanke "information overload".

Vi kan nok vere enige!

Ny versjon av Squarespace analytics

Då er det heilt suverent at Squarespace sin innebygde statistikk-funksjon (ligg i hovudmenyen under Analytics) er blitt sterkt forbetra. Denne er enklare enn Google analytics og gir for dei fleste nok informasjon til å kunne følgje med og analysere nettside. Oppnår du dei måla du sette deg for nettsida? Det vil du som regel kunne lese raskt ut av den innebygde statistikken i Squarespace.

Få meir innsikt

Traffic Sources panelet gir deg oversikt over besøkande og kva kanalar dei kom frå, f.eks via søk, sosiale medium eller frå andre nettsider. Her ser du også kor stor andel som kjem frå mobil, nettbrett eller PC. Viktig informasjon!


Følg besøket over tid - historiske data

I den nye versjon kan følgje besøkstal samanlikna mot forrige veke, månad eller år, eller du kan spesifisere perioden, og får nå tilgang til historiske tal tilbake til 2014. 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny logo/grafisk profil? Her er tre gode tips!

Neste
Neste

Ny nettside for Ålhytta