Slik får du fart på LinkedIn
Her får du 12 tips du kan ta i bruk allereie i dag.
På LinkedIn heng private profilar og bedriftssider tett saman. Det er likevel forskjell på korleis ein skal bruke dei to!
Les også: LinkedIn for bedrift - kvifor det?
Privat profil:
Oppdater profilen din! Bruk eit nyare bilde, fyll ut felta i CV-en og vis fram kva du kan.
LinkedIn handlar om å bygge nettverk. Legg til folk du kjenner, og følg relevante folk i bransjen.
Lange innlegg fenger - gjerne opp mot 2000 teikn! Folk har betre tid på LinkedIn og tek seg tid til å lese tekstar som gir verdi.
Engasjer deg! Lik og kommenter andre sine postar. Hugs å tagge relevante personar og bedrifter i innlegga dine, og svar alltid på kommentarar.
Post selfies! Ja, du leste riktig. Selfies får faktisk 3 ganger meir engasjement, fekk vi høyre frå scena på Social Media Days 2023.
Bedriftsside:
Sørg for at dei tilsette koplar profilane sine mot bedriftssida.
Finpuss profilen: Bruk logoen som profilbilde, og legg inn ein header som underbygger bodskapen. Fyll inn detaljar og kontaktinfo, og skriv ei god beskriving.
Målgrupper i fleire land? Bruk språkverktøyet i profilen slik at folk kan sjå informasjonen din på eit språk dei forstår.
Gjer det personlig også her. Tagg relevante personar og bedrifter i innlegg - men berre viss du er sikker på at dei kjem til å interagere med posten din.
Skriv litt kortare tekstar. Hald deg gjerne under 400 teikn.
Ikkje post for mykje lenker! Sjølv om ein gjerne ønsker å skape trafikk til nettsida, vil LinkedIn helst halde brukarane på eigen plattform. Difor bør ein ikkje poste lenker for ofte.
Engasjer deg! Samme reglar gjeld her som for private profiler. For å bli synleg i sosiale medium, må ein vere sosial…