Robust nettside for Robuste barn
Skal ein fremje psykisk helse og livskvalitet hos barn og unge, trengs det god og tilgjengeleg informasjon. Då er ei gjennomarbeida Squarespace-side ei god løysing.
Prosjektet Livsmeistring - robuste barn og unge er eit prosjekt mellom Luster- og Sogndal kommune, som ein del av Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid.
Hovudmålet er å fremje livskvalitet for barn og unge, der prosjektet no er inne i ein fase der skulane og barnehagane skal prøve ut konkrete tiltak.
– Vi valde å få publisert nettsida ganske tidleg i prosjektet, slik at vi kunne legge ut undervisningsopplegg og få tilbakemelding på arbeidet undervegs. Vi lanserte difor nettsida då design og struktur var på plass, men før alt innhald var ferdig, fortel prosjektleiar Marte Kvisterø Krogstadmo.
– Eg er glad vi gjorde det slik. Vi får nyttige tilbakemeldingar, både på brukarvennlegheit og innhald, slik kan vi justere innhaldet undervegs. Dette er utviklingsarbeid over tid, så det er viktig for oss å ha moglegheita til å forbetre og endre innhaldet, fortel ho.
Her kan du sjå nettsida meistrelivet.no.
Ein god struktur på mykje innhald
Nettsida skal gje informasjon både til foreldre, tilsette i skule og barnehage, og barna sjølv. Dei skal kunne finne informasjon, undervisningsmateriell og konkrete oppgåver. Informasjonen er delt opp etter tema, og alle tema er delt opp og tilpassa ulike alderstrinn.
Det er med andre ord mykje informasjon ein skal navigere seg rundt i. Då gjeld det å ha god struktur, smart linking mellom sider og ein oversiktleg meny.
Kvisterø Krogstadmo er fornøgd med at dei gjekk for ei Squarespace-side. Verktøyet er enkelt i bruk, samtidig som det gir gode moglegheiter for å bygge ein fornuftig struktur.
– Etter at Gasta satt opp design, rammer og struktur for oss, og ga oss opplæring i verktøyet, er det enkelt for oss å legge inn meir innhald. Små justeringar klarer eg sjølv, og blir det store endringar er det godt å ha Gasta som støtte. Men ein treng ikkje å vere dataekspert for å jobbe i Squarespace.
Mange kokkar i sving
I dag har Marte tre pedagogar som lagar undervisningsmateriell og ei som lager innhald for foreldresamarbeid. Det er mange kokkar, men ettersom det er såpass mykje materiale som skal produserast, er ho avhengig av den hjelpa ho kan få.
– Alle følgjer bestemte malar på nettsida, satt opp saman med Gasta. Her fyller dei inn informasjon i form av tekst, bilde, video, PDF-ar og faktaboksar. Ved å følgje malane på denne måten bli oppsettet stort sett likt rundt om på sida. Etter at dei har lagt inn innhaldet, går det meste gjennom ein språkvask før eg kvalitetssikrar innhaldet og legg det ut, forklarer prosjektleiaren.
– Eg har fått mange gode tilbakemeldingar. Både tilsette i barnehage og skule seier at sida er oversiktleg, enkel å finne fram i og ikkje minst fin å sjå på, legg ho nøgd til.