Saman om folk i jobb

Sogneprodukt er ei arbeids- og inkluderingsbedrift vi i Gasta har eit tett og godt forhold til. I vinter har vi jobba saman om merkevare, grafisk profil og nye nettsider for selskapet.

Nettside basert på Squarespace

Nettsidene er sjølvsagt basert på Squarespace, og er godt tilpassa mobil, ettersom rundt 35% av besøkande er mobile brukarar.

Vi har også jobba saman om strategi og merkevare, og har utvikla nytt merkeløfte og visjon. Ny grafisk profil, med friskare fargepallett er blitt lansert, men logoen er uendra.

Best i landet

Sogneprodukt er flinke!

Landsstatistikken syner at Sogneprodukt i 2017 var best av 110 arbeids- og inkluderingsbedrifter i landet, der 85% av arbeidssøkjarane gjekk ut frå Sogneprodukt til jobb i tiltaket Arbeidsførebuande trening.

Vi trur at med vårt prosjekt på merkevare, grafisk profil og nettside har Sogneprodukt også teke ein del steg framover i sin kommunikasjon med målgruppene!

Vi takkar Ragnhild Fjærestad & Co for oppdraget!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Har du høyrt om FUS?

Neste
Neste

Gratulerer med 10-års jubileet til Fjellsportfestivalen