Ny nettside i Squarespace?
Vi i Gasta er ekspertar på å utvikle effektive nettsider i Squarespace som bygger merkevare og gir resultat.
Sjekk ut pris på nye nettsider
Våre nettsideprosjekt
Vi har utvikla over 600 nettsider basert på Squarespace. Under finn du eit lite knippe av prosjekt. Til inspirasjon.
For selskap og organisasjonar som vil ha vekst
I Gasta møter du ein hyggeleg gjeng med utviklarar, designarar, marknadsførarar og journalistar med god erfaring med nettsider, strategi og merkevare. Vi har valt å bli spesialistar på Squarespace, eit verktøy som gjer det moro å jobbe med digital kommunikasjon.
Squarespace Enterprise-status
Som einaste byrå i landet har vi Squarespace Enterprise-status. Vi har tett dialog med Squarespace i Dublin og New York. Det er også ein fordel for deg som kunde.
Slik utviklar vi nettsider i Squarespace
Erfaring frå meir enn 600 nettsideprosjekt på Squarespace gjer at vi har ein velprøvd og gjennomarbeidd prosess for å skape nye, effektive nettsider.
Nettsider til alle bransjar
Å ha erfaring med ulike bransjar er ein fordel, spesielt når det kjem til søkemotoroptimalisering. Vi har samla ein del av nettsidene vi har laga etter bransje. Til inspirasjon.
Kva kostar ei nettside?
Vi har god erfaring med å kartlegge behov og gi ein fast pris på utvikling av nettside. Budsjettet bør gi rom for å lage kvalitet. Det er bra for begge partar!
For deg som vil vite meir om Squarespace og Gasta
Squarespace - fleksibelt og skalerbart verktøy
Squarespace er meir enn eit CMS. Med nokre få tastetrykk kan du utvide funksjonaliteten med nye modular eller vi kan bruke vår kompetanse på integrasjon til Squarespace.
-
Enkel og effektiv løysing for nyheitsbrev som er tett integrert med blogg-modulen i Squarespace. Les meir om Squarespace Email Campaigns
-
Nettbutikk for å selje fysiske eller digitale produkt. Med Stripe og PayPal som betalingsløysing. Lett å komme i gang.
-
Integrer inn system for timebestilling. Når medlemmer i Bergen sportfiskerlag bestiller laksefiske i elvar, skjer det med Acuity Scheduling. Booking og betaling i eit system gjer det enkelt!. Les meir om Acuity Scheduling her.
-
Bygg ut nettsidene med system for kurs, inkl. handtering av medlemsskap. På Ultralydhåndboken ser du eksempel på kunde som utviklar korte video-kurs om ultralyd
-
Squarespace Memberships er ein funksjon som lar deg lage og administrere abonnementsbasert innhald på ei medlemsnettside. Du kan tilby eksklusivt innhald, tenester eller produkt til medlemmar som abonnerar mot eit gebyr. Ideelt for bedrifter og andre som ønskjer å tene pengar på innhald ved å tilby tilgang til premiumressursar, nyheitsbrev, nettkurs eller andre eksklusive tilbod.
-
Treng du fleire språk enn norsk på nettsida? Ingen problem! Ta i bruk den AI-baserte oversettinga Weglot.
Les meir om Weglot. -
Ta i bruk Squarespace sitt eige analyseverktøy. For deg som synest Google Analytics er for stort og tungvint.
-
Alle nettsider skal vere universelt utforma. Dersom ein tek i bruk nye Squarespace 7.1 er denne som utgangspunkt universelt utforma. Vi har og god erfaring med Tilgjengelegheitserklæringar
Les meir om Universell utforming og tilgjengelegheitserklæring
Vi diggar alt som er enkelt og effektivt
Vi er lidenskapleg opptekne av at nettsidene vi utviklar skal vere enkle og effektive å jobbe med for deg som kunde.
Fluid Engine er Squarespace sin “drag-and-drop” editor som gjer det enkelt å jobbe med innhald på nettsidene.
Vi legg vekt på å lage designelement (eks. Saved sections i Squarespace), slik at du blir god til å skape innhald på nettsidene.
Gasta skal spele deg god på digital kommunikasjon. Det legg grunnlaget for eit langvarig samarbeid!