Squarespace + Google Search Console
Som det første publiseringsverktøyet på marknaden har Squarespace lansert ein heilt unik integrasjon med Google Search Console.
Aktivere nettsida i Google Search Console
Du må først aktivere nettsida di i Google Search Console.
Då vil Google Search Keyword Panel dukke opp i Analytics i hovudmenyen (sjå foto).
Følg med på fire nøkkeltal
Med denne koplinga kan du heile tida følgje med på og fokuserer på fire nøkkeltal eller KPI`ar:
Klikk (Clicks)
Dette gir deg talet som kom inn på nettsida di etter å ha søkt på eit gitt nøkkelord.
Visningar (Impressions)
Viser dei som såg link til nettsida di i sitt søkeresultat, sjølv om dei ikkje klikka på akkurat din link.
Klikkrate (Click Rate)
%-av dei som fekk di side opp i søket og som klikka på link inn til di side (Klikk/Visningar x 100)
Gjennomsnittleg Google posisjon (Avg. Position)
Dette er den gjennsnittlege posisjonen nettsida di har på eit gitt nøkkelord i det angitte tidsrommet. Om du er på 4.plass i eit søk, og 6.plass om ein annan søkjer, er det altså gjennomsnittet på 5 som, vil vise her (4+6/2)
Vil du vite meir om Squarespace og søkemotor, ta gjerne kontakt med oss.